Nærkontakt: Karolina (f.v.), Tiril med grisen, og Marn-Anne frå 10D nøler ikkje med å tre på seg alt som kravst av smittevernutstyr før dei vert slusa inn i grisehuset hjå Tonje og Atle.

Rundt nitti tiandeklassingar fekk ein annleis skuledag då Nærbø Bondelag inviterte til gardsbesøk nyleg. Klasserommet er bytta med lukt av gris, ku og slakt av lam.

Liv Kristin Sola

Det er vått og grått, slik det gjerne kan vere ein haustdag på Jæren. Langs vegen mellom gardane til Tonje og Atle Kloster og Silje og Lars Dyre Nærland på Torland på Nærbø, vandrar ein gjeng elevar frå Tryggheim ungdomsskule. Nokre av elevane er frå gard, andre er avløysarar. Fleire har knapt vore innom eit fjøs. I dag skal dei på gardsbesøk.

Verken tragisk eller romantisk

Tonje og Atle har smågrisproduksjon og fôrar i tillegg fram nokre slaktegris sjølve. På låven hjå Tonje og Atle får elevane på seg overtrekksdressar, sko, hanskar og munnbind, før dei vert slusa inn til grisene.

– Det er jo ein viss risiko, men me gjer det fordi det er viktig – spesielt etter den dokumentaren, seier Tonje til Bondevennen, og viser til Brennpunkt-dokumentaren, Griseindustriens hemmeligheter.

Ho likar ikkje tanken på at svinenæringa på grunn av smitterisiko, nærast er lukka for innsyn utanfrå.

– Me må vise kvardagen slik at folk ikkje trur på alt det media klarer å spy ut av stygge arkivbilete av gris, seier Tonje.

Dagens ungdom møter dagleg debattar om dyrevelferd, mat og klima i sosiale media. For Tonje er det viktig å balansere inntrykket.

– Ungdommane skal vete kor maten kjem frå, at dyra har det godt, og at eg som bonde bryr meg om dyra mine og passar på dei. Men det er heller ikkje bonderomantikk, slik som på Farmen, seier ho.

Byter roller

Tonje har merka seg at elevar som i utgangspunktet kan verke minst motivert, ofte er dei mest interesserte i fjøset. Det stadfestar sosiallærar og miljøterapeut ved Tryggheim ungdomsskule, Silje Edland. Ho fortel om elevar som har kveldsog helgejobb, gjerne som avløysar. Dei kan mykje om traktorar, maskinar og praktisk arbeid, og dei siktar mot eit praktisk yrke.

Viktig å opne opp: Tonje og Atle meiner det er viktig å vise kvardagen sin. – Me må balansere det inntrykket ungdommane får frå ulike media, seier Tonje.

– Mange av elevane har stor kunnskap og forståing for praktisk arbeid, men er lei teori. Klasserommet er ingen god arena for desse elevane. Her er dei i sitt rette element. Det er gull, seier Silje.

Aller helst skulle ho ønska dei kunne tilby desse elevane meir praktisk arbeid enn skulen klarer innafor dagens rammer. Ivar Bjorland er ein av elevane som gjerne skulle bytta ut skulekvardagen med praktisk arbeid – men han skal halde ut. Motivasjonen er avløysarjobben annakvar helg og kvar tysdag kveld.

– Det er det gildaste eg gjer, seier femtenåringen.

Planen er å ta traktorlappen, jobbe for ein maskinstasjon og kjøpe mopedbil. Brukt, for pengar han skal spare sjølv. Ivar vil ikkje vere ein av dei som får ting oppi hendene. Til våren skal han søke på TIP og ta fagbrev som maskinførar. Aller helst vil han bli bonde på eigen gard.

– Då må eg finne meg ei odelsjente, seier Ivar.

Han har konkludert med at det truleg er ei enklare løysing enn å få kjøpt ein gard på den frie marknaden. Slike tilbod dukkar ikkje opp kvart år.

Respekt for dyret: I respekt for dyret skal me handtere skrotten skånsamt og bruke heile dyret, seier Stian frå Nortura.

Respekt for dyret

Etter ein tur hjå grisane og i det moderne robotfjøset til Silje og Lars Dyre, samlast elevane på låven. Stian Espedal frå Nortura skal slakte eit lam, noko svært få av elevane har opplevd før. Sjølve avlivinga vart dei sparte for, men slaktaren understrekar at det viktigaste med avlivingsprosessen er at det går roleg, raskt og smertefritt.

– Dyrevelferd er det absolutt viktigaste. Og i respekt for dyret, skal me handtere skrotten fint og bruke heile dyret, seier Stian til elevane, medan han fjernar skinnet og vommar ut lammet.

Både bøndene og lærarane har eit godt auge med elevane i tilfellet nokon av dei vil reagere. Med ein skarp kniv og erfarne rørsler skjærer Stian ut den eine stykkingsdelen etter den andre; lår, bog, sadel, rundsteik, surra bogsteik, pinnekjøt, skank og kraftbein. Kjøtet skal bli med elevane attende til skulen slik at dei kan få smake.

Mange inntrykk

Silje Edland understrekar at det er eit stort spenn i korleis ei slik samansett gruppe ungdommar opplever gardsbesøket, men meiner det er rett å vise også slakting.

– Å sjå korleis eit dyr faktisk ser ut innvendig og oppleve ein slik nærleik til kor maten kjem frå, det er viktig, seier ho.

Sosiallæraren har ikkje merka seg at ungdommane er spesielt opptekne av mattrendar og kjøtforbruk.

– Inntrykket mitt er at dei aller fleste har eit heilt tradisjonelt kosthald, seier ho.

Tiril, Thea, Karolina, Marn-Anne og Klara et alle kjøt, men ikkje alle var like begeistra for slaktinga. Fint, interessant, spennande og ufyse, er ord dei nyttar om nettopp det. For Klara, som er frå mjølkebruk, var turen i grisehuset spesielt interessant.

– Og så var det kjekt å sjå eit kufjøs som er annleis enn vårt, seier ho.

For Tiril, som gjerne vil jobbe med dyr, var alt interessant. Planen er å ta avløysarkurs og søke jobb som helgeavløysar. Det skal absolutt ikkje Karolina.

– Det var eigentleg mest kaldt og litt keisamt, seier ho, men innrømmer at grisene var ganske søte.

Stas med grilling: Rebecca, Anders Olai og Klara har fått seg grillmat – pølser og burgar frå Nortura – i tilhøyrande brød sponsa frå matbutikkar på Nærbø.

Arbeid framfor skule: Ivar har ein onkel som driv med gris og jobbar sjølv som avløysar. Han skulle gjerne bytt klasserommet med praktisk arbeid kvar dag.

Blir ikkje siste gong

Silje Edland er glad for at bondelaget inviterer ungdommen og skaper god stemning og engasjement rundt landbruket.

– Ekstra kjekt at det var så mange unge bønder, og mange damer, seier ho.

Via facebook har bonden Tonje fått mange positive tilbakemeldingar, blant anna frå elevane sine foreldre. Det gir motivasjon til å halde fram.

– Om elevane ikkje hugsar det me snakka om, så har dei sett korleis det ser ut i eit grisehus og eit kufjøs, dei har kjent lukta og møtt oss bønder. Små drypp kan vere viktigare enn me trur, seier Tonje.

 

Stikkord denne saka: , ,