• Huset hadde vore ute av bruk i meir enn 10 år, då ekteparet sette i gang med renovering våren 2013.

 

Ho er arkitekt. Han er bonde med eiga sag. Saman har dei blese nytt liv i det eldgamle huset på garden.

Jofrid Åsland

Kvitmalt tre prydar utsida av huset. Idet du trør over dørstokken vil foten lande på små treklossar. Golvet i gangen er laga av treklossar, som står tett i tett. Teknikken er gamal, og golvet skal vere veldig slitesterkt.

– Velkommen. Vil du ha kaffi?

Ingvild Hovind viser veg gjennom gang og grovkjøkken til hjartet av huset, kjøkkenet. Veggene er måla i sin originale farge, som kan minne om turkis. Den kan kallast smaragdgrøn eller vridian. Ingvild har blanda fargen sjølv. Det var umogleg å få tak i fargar som tilsvara den originale fargen på kjøkkenet. Under golvet står det skrive 1808 på ein bjelke, men deler av huset kan også vere eldre. Då dei skulle fikse opp huset, var veggen bak listene på kjøkkenet svart av sot. Ekteparet trur kanskje rommet har vore ei røykstove.

Mange timars arbeid ligg bak dei. Framleis ligg fleire timars arbeid framom dei, men heimen er allereie skapt.

Frå Stavanger til Fattnes

Bondevennen har tidlegare skrive om Ingvild Hovind, som er ei av tre gründerar i tettstaden Fattnes, i Suldal. Ho flytta frå Stavanger til Fattnes i 2010 etter å ha møtt Stein Olav Fattnes. Ingvild er arkitekt, og har arbeida som arealplanleggar. No har ho starta eige arkitektkontor, og planlegg utvikling av rimelege hytter ved sida av gardsdrift og oppussing av hus. Stein Olav har også jobb ved sida av garden, i tillegg har han gardssag. På garden har dei ammekyr og sau. Ingen slit med fritidsproblem her i huset.

– Vi er deltidsbønder. Då nytter det ikkje å syte over det du ikkje får. Noko av inntekta må ein hente inn frå andre stader, seier Stein Olav.

Ekteparet har likevel eit mål om å klare å få mest mogleg inntekt gjennom ulik næring på garden. Her kjem utviklinga av hyttene inn i bilete. Ingvild har fått middlar frå Innovasjon Norge til å finne ut om prosjektet kan lønne seg.

Naturleg lufting

Rundt kjøkkenbordet får kaffien bein å gå på. Ingvild og Stein Olav fortel om korleis dei vaska tømmeret med saltvatn for å få bort sot frå årevis med vedfyring. Veggane har dei isolert med trefiberisolasjon og vindtetting. Treverket skal kunne puste utan at trekken slepp inn.

Stikkord denne saka: