Klare meiningar: Elev Asgeir Presttun (17) sette ord på meiningane sine, og fekk tankane på trykk i Bergens Tidende. «Om du kjenner ein bonde, vil eg oppfordra deg til å takka for maten», skriv han i si ytring til regionavisa.

Svak søking til VG 3 agronom på Nye Voss vidaregåande skule, gjer at agronomklassa vert lagt på is komande skuleår.

Liv Kristin Sola

Dei seks elevane som søkte VG 3 agronom har fått beskjed om å bytte til ei anna linje, eller vente eit år med å fullføre agronomutdanninga.
Asgeir Presttun (17) frå Osterøy i Hordaland, er ein av elevane som er råka. For han og eit par av studie­kameratane er det ikkje aktuelt å skifte linje. Dei fryktar dei kan miste retten til å fullføra den agronomutdanninga dei allereie er godt i gang med.
Gjennom heile oppveksten har Asgeir Presttun visst at han skal bli bonde, sjølv om foreldra selde heimegarden då han var tre år. Etter ungdomsskulen gjekk vegen til Voss for å verte agronom. Den tidlegare Voss jordbruksskule er den einaste vidaregåande skulen i Hordaland som tilbyr ei treårig agronomutdanning.
Men i vår vart det altså ein bråstopp for planane til ungdommen. Neste skuleår kjem syttenåringen til å skifte ut teori og skulebenk med praktisk gardsarbeid som avløysar heime på Osterøy.
– Hordaland fylkeskommune har teke for lett på landbruket for lenge. Agronomelevane vert behandla likt som landbruket. Me får beskjed om at me er for små og for lite effektive, seier Presttun.

Sårbare klassar

Situasjonen er den same på Øksnevad vidaregåande skule på Jæren. Avdelingsleiar landbruk, Anne Kathrine Edland, stadfestar at heller ikkje dei kan tilby agronomklasse neste vinter, då dei berre hadde fire søkarar. Vedtaket vert fatta av fylkeskommunen. Ifølge Edland er dette første året skulen ikkje tilbyr agronomklasse, men ho viser til høge elevtal på VG 1 og 2 landbruk, som truleg sikrar agronomklasse dei komande åra.
Ei oversikt frå utdanningsdirektoratet viser at tal på elevar som søker agronomutdanninga på Sør- og Vestlandet er stabilt låge, og dermed svært sårbare. Ei oversikt over dei siste skuleåra, viser eit elevtal på ti eller færre i klassane.
Edland trur noko av årsaka er fråvær av fagbrev og krav til fagutdanning for å drive og kjøpe eit gardsbruk. Ho understrekar at utdanning er viktig i landbruket, og ber næringa spørje etter kompetanse når dei søker folk til å jobbe for seg, og ikkje nytte ufaglært arbeidskraft.

Inga krise

– Mange bønder tek anna utdanning først, og behovet for landbrukskompetanse melder seg først når dei skal overta garden, seier Frøydis Haugen, leiar i Hordaland Bondelag.
Ho fortel om fulle klassar og ventelister på Stend vgs sitt tilbod om agronomutdanning for vaksne. I tillegg kan dei to vinterlandbruksskulane i Rogaland vise til høge søkartal, med ekstra kurs og ventelister.
Den landsdekkande økologiske Sogn Jord- og hagebruksskule vert også stadig meir populær. Informasjonsansvarleg, Spira Svendsen, melder om fulle klassar både til VG 2 og VG 3 landbruk.
– Låge søkartal til VG 3 i år er inga krise for landbruket, men krevjande for dei som vert råka, seier Haugen.
Ho understrekar likevel at dersom situasjonen med få agronomelevar held fram, kan det svekke det etablerte landbruksfaglege miljøet som er knytt til skulen, og dermed svekke fagkompetansen som landbruket i fylket er avhengig av.
– Me må vere på vakt. Det kan ikkje vere slik lenge, maks eit år, seier Haugen, og minner om at Hordaland fylkeskommune har si eiga landbruksmelding. «Strategidokument for styrking av rekrutteringa til landbruket i Hordaland.»
– Dersom ikkje fylkespolitikarane er klar over det, må dei lesa leksa si, seier Haugen.

Relevant nok?

Kva tenker politikarane i Hordaland om situasjonen for landbruket i fylket, for rekrutteringa og for elevane som no ikkje får fullføra utdanninga si?
Fylkestingsmedlem for Høgre, Iril Schau Johansen, viser til behovet for fleksibilitet og til å finne løysingar. Ho føreslår å sjå på om innhaldet i agronomutdanninga er relevant nok, og om dagens ungdom er godt nok kjent med dei moglegheitene utdanninga gir.
«Landbruket trenger folk med godkompetanse, og Norge trenger landbruket. Derfor er agronomutdanningen viktig.» skriv ho i ein e-post.

Usikker utdanning?

Elev Asgeir Presttun er klar over at han kan søke agronomutdanning i eit anna fylke, men det er ikkje det dette handlar om. Han er uroa over kva for signal dette sender til ungdom i Hordaland som vil satse på landbruket.
– Med denne avgjerda viser dei at agronomutdanninga er for usikker til å satse på, seier Presttun.
17-åringen er oppteken av at bønder er matprodusentar. Som matprodusent må bonden ha inngåande kunnskap innan mange fagfelt.
– Jo mindre utdanna bøndene er, dess dårlegare driv dei gardane sine – og dess meir tilskot må styresmaktene ut med per eining, summerer Presttun.

Trengst eit omdømmeløft

– Ein negativ trend me må prøva å snu, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp), om situasjonen for
agronomutdanninga.
Han trur det viktigaste tiltaket er å skape positivitet rundt agronomutdanninga og bondeyrket, for å vise ungdom at landbruket er eit sikkert og spennande yrkesval for framtida.
– Næringa sjølv, staten og skulane må gje tydeleg melding om at me vil ha ei agronomutdanning og legge ein slagplan for korleis ein kan auke søkartala, seier Pollestad.
Stortingsrepresentanten etterlyser meir offensive rekrutteringstiltak. Han viser til nettsida «Sett sjøbein», eit delvis statleg finansiert prosjekt som skal sikre rekruttering og kompetanse innafor havbruk, fiskeri og foredling av sjømat. Nettsida gir ei oversikt over utdanningsløp og ulike yrkesval innafor fiskeri. Eit tips også for landbruket for å vise mangfald og sikre rekruttering, meiner Pollestad.
Pollestad er positiv til at mange vaksne aktive bønder søker formalkompetanse, men er tydeleg på at agronomutdanninga på VG 3 nivå må prioriterast for å sikre god rekruttering. Agronomutdanninga er også viktig for å oppretthalde fagmiljøa som er knytt til skulane, meiner han.

Stikkord denne saka: