Fullt hus! Eli Undheim opnar samfunnshuset for at folk skal bli klokare på mat.<br />
Foto: Victoria Marie Sjo Fasting

Fullt hus! Eli Undheim opnar samfunnshuset for at folk skal bli klokare på mat. Foto: Victoria Marie Sjo Fasting

Eli inviterer til folkemøte

12. april 2024 | Aktuelt

Kva gjer du når du tykkjer at folk veit for lite om mat? Inviterer alle andre pluss jordbrukseksperten Anders Nordstad til folkemøte, så klart!

Bothild Å. Nordsletten

«Vi må ta tilbake makta over maten vår! Den er nemlig vår og ingen annens. Vi må bli forbannet!» Spissa og lettfattelege argumentrekker som dette, først på Facebook, har gjort Anders Nordstad til ei slags rockestjerne i jordbruket. Nå kjem han snart til Jæren, nærare bestemt til Undheim Samfunnshus. Datoen er 17.april, kl. 19.

Til Jæren: Anders Nordstad

Til Jæren: Anders Nordstad

Arrangør? Eli Undheim. Undheimsbu og bondedotter med hjarta for jordbruk og mat.

– Ja, det er ein slags privat dugnad, seier Undheim.

Ho har følgt bloggen til Nordstad lenge, er imponert over kommunikasjonsevna hans og meiner bøndene har ein god talsperson i han.

– Det er kanskje litt rart at me skulle trenga eit møte om mat på Jæren, seier ho.

– Men sjølv midt i matfatet er det dei som ikkje skjøner greia. Det verkar som om nokre trur at bønder er bønder for eigen del. At dette med mat er så enkelt. Dei veit så lite om kven som produserer maten og korleis. Dette er det viktig å snakka om, og Nordstad gjer det på ein forståeleg måte.

Folkemøte er ope for alle – målgruppa er alle som et mat. Eli Undheim håpar på fullt hus.

– Og så oppmodar eg særleg bønder om å invitera med seg kjente som ikkje sjølv er bønder!

Ordstyrar for folkemøtet er den nye leiaren i Time Bondelag, Erik Mikal Tjåland. Tittelen for kvelden er like hardtslåande som Nordstad sjølv: «Det handler om maten din, for pokker!»

Gå inn på Facebook-sida til Eli Undheim for påmelding.