Bothild_aktuelt2Bothild Å. Nordsletten blir ny redaktør

– Etter åtte år i utanrikstenesta tok familien og eg spranget og flytta  til Jæren, fortel Bothild Åslaugsdotter Nordsletten. Tredje oktober tek ho over som redaktør og dagleg leiar i Bondevennen.

 

Nordsletten har universitetsutdanning frå inn- og utland innan statsvitskap og russisk. Dei siste åtte åra har ho jobba i utanrikstenesta, mellom anna som ambassadesekretær ved dei norske ambassadane i Polen og i Ukraina og som rådgjevar i tryggingspolitisk avdeling i Utanriksdepartementet. Etter at ho flytta til Jæren på nyåret har ho arbeidd som humlerøktar i Pollinering AS, landets største oppdrettar av humler for pollinering i drivhus.

Viktigaste næringa i Noreg

– Kvifor Bondevennen?
– Eg søkte stillinga som redaktør og dagleg leiar i Bondevennen fordi eg ynskjer å koma tettare på den viktigaste næringa i Noreg, på både folka og dei politiske prosessane som styrer utviklinga.
– Kva med fagleg bakgrunn?
– Eg har tidlegare arbeidd som journalist. Min formelle arbeidsbakgrunn har elles vore i utanrikstenesta med opphald i Aust-Europa. Det er ingen umiddelbar fagleg samanheng mellom dette og arbeidet i Bondevennen. Når det er sagt kjem eg opphaveleg frå Jæren, eg har fleire bønder i slekta og eg er såleis godt kjend med livet og kulturen i landbruket.

Landbruk på dagsorden

– Kva vil du prioritere som redaktør?
– Eg vil gjera mitt for at Bondevennen skal halda fram med å vera eit fagleg relevant, nyttig og gildt blad for lesarane. Då eg budde i Oslo opplevde eg at avstanden er ganske lang til det produserande Noreg. Landbruket har ikkje den plassen det fortener i den offentlege debatten.  Eg ynskjer å bidra til å halde trykket oppe om landbruket. Bondevennen skal også vera eit talerøyr til statsforvaltinga og media i Oslo.
– Kva inntrykk har du av Bondevennen?
– Eg trur Bondevennen appellerer til bønder og andre som er interessert i norsk landbruk fordi bladet på ein fin måte kombinerer solid, aktuelt fagstoff med saker som reflekterer livet i landbruket. Eg kjenner meg heldig som no får anledning til å vera med i den landbruksfaglege og politiske debatten. Bondevennen er eit fagblad, og eg har mykje å læra. Her vil eg spela på gode faglege journalistar og eksterne skribentar. Vi skal halda fram med å laga eit fagleg relevant blad og tek gjerne imot signal om kva lesarane vil ha.

Utfordringar

– Kva utfordringar ser du for landbruket?
Eg vil peike på fire forhold; at det stadig blir fleire folk, men færre bønder, klimaendringane, jordvern og rammevilkåra for næringa.
– Kor ligg løysinga?
Ein del av løysinga ligg i at bonden og landbruket sin status må hevast. Styresmakter, næringslivet, media og forbrukarar bør i større grad ta inn over seg at sjølvforsyning er grunnleggande samfunnsberedskap. At me har sterke og taleføre bondeorganisasjonar og samvirke er avgjerande for å få fram denne bodskapen. Bondevennen spelar også ei viktig rolle her.

Sjur Håland

er tilbake i Bondevennen sine spalter etter ein periode som frilans landbruksjournalist for Tun Media. Sjur er frå Varhaug i Hå kommune.
Etter tjue år som bonde med mjølk- og smågrisproduksjon byrja han
skrivarkarrieren i Bondevennen i 2003, då gardsdrifta hans vart del
av ei samdrift.

Anna Stangeland

er engasjert som journalist i deltidsstilling i eit tre månaders engasjement.
Anna driv gard saman med familien på Vigrestad og har høgskuleutdanning  frå Høgskulen for landbruk og bygdenæringar på Jæren.

Eirik Stople

sluttar i Bondevennen 30. september.

Jofrid Åsland

er innvilga eitt års permisjon.