BN+

Hektisk: Kari Opedal, konst.leiar for Ullensvang Fruktlager, som er eit av tre større mottak i Hardanger.


– Jau, me merkar press frå presseple-fronten, seier Kari Opedal ved Ullensvang Fruktlager. Ordspelet framkallar smilet, og det same gjer pilene som peikar oppover for fruktnæringa.


Anne Rivenes, frilansjournalist


– Sidernæringa er ambisiøs, og dei veks så fort at det er vanskeleg å tilfredsstille den delen av marknaden, seier Kari Opedal, konstituert dagleg leiar ved Ullensvang Fruktlager.


Presseple er slett ikkje roten eller dårleg frukt, men den har ytre lyte som skade, storleik eller farge. Presseple blir sortert ut av dyrkaren sjølv, eller av maskiner i fruktlageret. Presseple går til saft og sider.
Medan Hardanger tidlegare hadde eit fruktlager i kvar grend, er det no sentralisert til tre større lager: Hardanger Fjordfrukt i Utne (største fruktpakkeri i Noreg), Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager.
Om lag 90 leverandørar eig Ullensvang Fruktlager på Lofthus, med fem fast tilsette og 25-27 sesongtilsette. Det meste av epla vert selt til Coop, men også Norfresh er stor kunde. I år er det venta at dei skal handtera 1322 tonn eple, 350 tonn plommer og 100 tonn pærer.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,