BN+

Sidersmaking: Sider frå Hardanger har Beskytta Geografisk Nemning, og finst i stort utval. Ei rekkje produsentar byggjer opp si merkevare frå Hardanger. (Foto: Utne Hotel/Ida Marie Skeie)


Siderbøndene er på stigande rus, og reiselivet blir med på festen.


Anne Rivenes, frilansjournalist


Målet er ein million liter i 2025 – ei femdobling frå i dag.


– I 2016 vart det lov å selje sider frå garden, og næringa opplevde ein veldig vekst. Me snakkar 345 prosent auke på to år. Utviklinga er verdt å ta vare på, også fordi siderveksten får med seg fleire næringar, seier Kjetil Widding. Han er dagleg leiar i Siderklynga i Hardanger, men også vertskap på historiske Utne Hotel saman med Bente Raaen Widding.


Utne Hotel satsar mykje på siderturisme, med eigen sidersmaking, siderpakker til middagen og sider i matlaginga.


– Gjestene blir overraska over kvalitet og utval. Før var det vanleg å lage sterk, søt sider. No ser me at sider med seks-åtte prosent alkohol er den som gjev mest honnør til eplet. Dagens sider har gjerne eit turrare tilsnitt og meir eplesmak, seier Kjetil Widding.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Bondevennen kampanje

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: ,