Nils Vagstad, forskingsleiar i Biofrosk, haldt foredrag om mattryggleik og matberedskap på årsmøtet til Rogaland sau og geit.

Nils Vagstad, forskingsleiar i Biofrosk, haldt foredrag om mattryggleik og matberedskap på årsmøtet til Rogaland sau og geit.

Nils Vagstad, Bioforsk, var invitert til årsmøtet til Rogaland Sau og Geit for å halde foredrag om matsikkerheit og matberedskap. Det store spørsmålet hang i lufta; Er matproduksjon noko å bekymra seg for?

 

Jane Brit Sande
– Problemstillinga er uforståeleg for veldig mange, men kan me byggja samfunnsstrukturen på at alt er så enkelt og problemfritt, og at alt til ei kvar tid kan kjøpast for pengar, spurde Vagstad forsamlinga retorisk.
– Maten lagar seg ikkje sølv, det er skremmande mange som ikkje er klar over korleis maten kjem til butikkane, påpeika han. – Matproduksjon er ein brytar som ikkje kan slås på igjen, når den er slått av. Så snart det er lagt asfalt på matjorda, får me ikkje den matjorda tilbake igjen.

Verdsettinga av matproduksjon

Mat og vatn er fundamentale faktorar i tilværa – og for samfunnsutviklinga.
– Verdsettinga av mat og vatn er omvendt proporsjonert; ved god tilgang har det liten verdi, ved dårleg tilgang har det uendeleg stor verdi, påpeika Vagstad.
Det var ikkje til å unngå å snakka om den velkjende ”smørkrisa” som ramma landet for få år sidan, noko Vagstad brukte til å poengtere korleis mennesket og samfunnet reagerar når matvarer ikkje er tilgjengeleg slik me er vande med.
– Me er berre fem måltid unna totalt kaos, slo Vagstad fast.
– Den globale verda vil få meir av det dei har mykje av, og mindre av det dei manglar, hevda han. – Ein kritisk fase er mangel på vatn. Kvart menneske treng, og drikk, to til fire liter vatn dagleg, og fleire tusen liter per menneske blir dagleg brukt til matproduksjon, haldt han fram.

Kina si rolle

I Kina bur om lag 20 prosent av verdas befolkning, og landet har lenge hatt om lag 10 prosent av verdas jordbruksareal og 10 prosent av verdas ferskvatn, men òg i Kina er det stort press på arealet. Ei avgjerande problemstilling i Kina, er at det hovudsakleg er den eldre generasjonen som driv jordbruk, dei neste generasjonane har rømt inn til urbane strøk for å satsa på teknologi.
– I Kina er 250 millionar unge på veg til byane. Kven skal då modernisere jordbruket? I Kina fryktar dei eit ”besteforeldrejordbruk”, sa Vagstad.
– Lenge dekka Kina eige behov for kveite, men for fyrste gong er Kina nettoimportør av kveite.
I Noreg er folketalet i vekst. Ei stadig utbygging gir mindre areal som skal fø fleire. Pressa dyrking og produksjon av mat gir auka behov for vatning.
– Norsk kornproduksjon er ei sentral bærebjelke i nasjonal matberedskap og sjølvforsyning, viste Vagstad til. – I Noreg må produktiviteten aukast vesentleg, i tillegg til arealet det blir dyrka på. Og, kanskje viktigast av alt, dei produktive areala må det takast vare på.

Jordvern

– Kvifor er det bøndene som må stå i fronten for jordvern og mattryggleik, spurde Vagstad forsamlinga. – Er mat berre for bønder? Militær tryggleik er vel ikkje ein sak primært for norske offiserar? fortsette han. Rogaland har ein fundamental posisjon når det gjeld norsk matproduksjon og matforsyning, ifølgje Vagstad.
– Rogaland har eit stort potensial og ei viktig rolle, men òg eit stort ansvar. Dette er fordi Rogaland er tyngdepunktet i norsk matproduksjon, produksjonsforholda er av dei beste i landet. Rogaland skal forvalte langsiktige og nasjonale tryggleiksomsyn, haldt Vagstad fram. Vidare viste Vagstad til at heile samfunnsstrukturen, sosial tryggleik og stabilitet, krig og fred, velstand, levekår og helse, alt er basert på at bonden og landbruket gjer jobben sin, og han påpeika at bønder har god grunn til å rette ryggen og løfte blikket.
– Me er alle avhengige av kompetente, dyktige og motiverte bønder, avslutta Nils Vagstad.