Kjekt å dela: Trond Vidar likar å dela augneblink frå fjøset som han sjølv finn glede i. – No i vintermånadane er kalving eit lysglimt, seier han.

Bonde Trond Vidar Berge oppmodar yrkesfeller til å bruke bondevett også på nett. Ikkje minst når dei legg ut bilete frå eige fjøs.

Jane Brit Sande

Trond Vidar Berge er ammeku-bonde og nestleiar i Tyr Rogaland. Han vil at bønder skal bli flinkare til å tenke seg om før dei deler augneblink frå kvardagen i fjøset. Nyleg delte han eit innlegg på eiga Facebook-side, der han skreiv om frustrasjonen hans kring «manglande konsekvenstenking» og deling av bilete av husdyr som «ikkje egnar seg på nett».

– Eg synast det blir publisert for mange av det eg kallar «negative augneblinksbilete» frå norske fjøs på sosiale media. Sosiale media er ein viktig kanal for omdømmebygging, men me må tenke på kven som ser det me deler. Me bønder held hovudet høgt og seier me har verdas beste dyrevelferd her i landet. Men me kan ikkje slå dette i hel sjølve med dårleg marknadsføring av eiga næring, seier Berge.

Oppmodinga hans er klar:

– Bruk ti sekund før du trykker «publiser», til å vurdere: Korleis kan det eg villegge ut, oppfattast av utanforståande?

Berge viser til døme der bilete og filmar som er publisert for å dela erfaringar med yrkesfeller, endar opp med å stadfeste fordommane til dei som er kritiske til husdyrnæringa.

– Døme på dette kan vere ei vanskeleg kalving, som gir bilete med sterke inntrykk. Bilete og film frå slike innlegg blir snappa opp, tatt ut av kontekst, og sett inn ein samanheng som er svært uheldig for heile næringa. Det er dette me bør unngå, seier Berge.

Eit «gladmedie»

Berge meiner at sosiale media som Facebook, Instagram og Snapchat er typiske «gladmedia» der ein ikkje legg ut bilete som er negative for næringa.

– Ingen andre bransjar kringkastar arbeid som ikkje har gått som planlagt. Dei deler det arbeidet dei er nøgd med. Det same bør vere praksis for landbruket, seier han.

På Facebook er det mange grupper for landbruksinteresserte, nokre produksjonsspesifikke, andre meir generelle. Eit døme på siste, er «Venner av norsk landbruk», som i skrivande stund tel rett over 74 000 medlemmer.

Vil ha nettvett for bønder: Ammeku-bonde Trond Vidar Berge vonar landbruksmiljøet kan ha ein debatt om korleis bønder best kan bruke nettvett.

– Det blir for naivt å tru at det berre er «vener» i desse gruppene, seier Berge, og siktar til at dyrevernsaktivistar også følger med i sosiale media.

– Næringa sine fagorganisasjonar har oppmoda bønder til å visa meir frå kvardagen i fjøsa, for å gjere matproduksjon mindre framand for folk. Kva kan bønder eigentleg dela?

– Me må hugse at me jobbar med maten til folk, og ikkje vise bilete der dyr ligg i, eller er fulle av skit, til dømes. Folk som ikkje høyrer til landbruket, ser annleis på bileta enn me bønder gjer, seier Berge.

– Men næringa sjølv reagerte sterkt på Gilde sin reklame der ein bonde rusla over tunet med ein grisunge i armane. Skal bønder heller dele slikt?

– Nei, det er klart. Men det er ein himmelstor forskjell på eit slikt bilete til eit der grisen er i ein binge med rikeleg strø eller halm, og vidare til eit bilete der grisen har bogsår eller liknande, seier Berge.

Kven skal rettleie?

Men kven har ansvar for å retteleia bøndene i nettvett? Skal det vere landbrukskontoret i kommunen? Slakteria? Meieria? Organisasjonane? Berge meiner nettvett må snakkast om der bønder møtest.

– Det må vere fagorganisasjonane i landbruket som samla må kome med råd. Dei kjem jo med krav, meiningar og råd om andre tema. Er ikkje dei negative augneblinksbileta med på å bryta ned noko me jobbar for å bygga opp, spør han retorisk.

Ein fellesskapsarena

I eit samfunn med større avstand mellom bøndene, er det sosiale media også ein arena for fellesskap. Mange bønder nyttar kanalane, og særleg landbruksrelaterte grupper på Facebook, til å be om råd, få heiarop og å dela erfaringar.

– Det skal me ikkje slutta med. Det må vere rom i interessegruppene for å spørja om råd, med å nytta tydeleg isolerte bilete som syner problemet, seier Berge.

Han har sjølv plukka opp tips og erfaringar som han, etter kvalitetskontroll, har tilpassa eiga drift.

– Og så er det alltid triveleg å dela dei augneblinka eg finn glede i sjølv. No i vintermånadane er kalving eit lysglimt. Det er rein idyll, seier Berge.

«Feelgood»-strategi

Berge nyttar Facebook aktivt for å visa fram garden og drifta. Han deler gjerne eigne nettvett-reglar.

– Eg er alltid nøye med å tenke over kva bodskap eg ønsker å sende med bilete og tekst. Eg har ein overordna «feelgood»-strategi. Det eg vel å dela skal alltid vere positivt og omdømmebyggande både for meg sjølv og for andre bønder. Det er ikkje alle historier som er for ope forum, sjølv om ein er stolt som ein hane og situasjonen enda godt.

Berge tykkjer at sosiale media bør vera ein viktig informasjonskanal for landbruket.

– Med litt teft og kunnskap kan ein bodskap rekke utruleg langt. Sosiale media er eit viktig verktøy for å visa fram den gode dyrevelferda og dei gode klimaeigenskapane i landbruket, seier han.