Stornøgd direktør: Ola Bekken Foto: FKRA

Ola Bekken si oppsum­me­ring av 2016 kan gjera ein kvar annan administrerande direktør Felleskjøpet-grøn av misunning.

Bothild Å. Nordsletten

– Ja, det har vore eit eventyrleg godt år, slår administrerande direktør i Felleskjøpet RA fast.
– I butikkane har me hatt eit fantastisk sal. Der andre butikkar har lege på pluss/minus 0, gjekk varehandelen vår opp ni prosent.
Gladmeldingar held fram som høyballar over eit jorde:
– Me har hatt heile 30 prosent auke i butikken i Egersund – det er kjekt! Og hugs at me er i skarp konkurranse med andre butikkar med liknande vareutval. Kundane opplever at FK-butikken er for proffe. Det er hyggjeleg.
Bekken fortel at FKRA nyleg opna butikk i Etne, saman med Coop-extra.
– Ein kjempesuksess! Så har me pussa opp i Tvedestrand, og hatt god utvikling der.

Liv og lyst

Brått er me over på maskin.
– Her har me hatt særleg fin utvikling og høg aktivitet på i-mek (innandørsmekanisering). Eg meiner det speglar optimisme og investeringslyst i 2016, seier Bekken.
Salet av reidskapar har vore stabilt, veksten har vore god på FKRA sine verkstadar, men direktøren vedgår at marknadsutviklinga for John Deere-traktor har vore svakare enn det ein kunne ynskje.
– John Deere brukte lang tid på å koma med den modellen dei omsider lanserte på Agrovisjon-messa i haust. Den har ikkje gjort det fullt så godt som me kunne ønskt på marknaden, men no ved nyttår hadde me ein ordrereserve på traktor som er den høgaste me nokon gong har hatt. Me går inn i 2017 med liv og lyst.

Kraftfôr til himmels

Som om ikkje dette var nok, vart 2016 også eit nytt rekordår for kraftfôr, med eit sal på totalt 376,453 tonn.
Bekken forklarar det med auken i salet til fjørfeproduksjon.
– I fjor var eit godt grovfôrår, difor svinga kraftfôrbruken i andre produksjonar. Vår auke kjem av at tillit­en til kyllingkjøtet er attende, samt omstruktureringa i næringa, der ein særleg i vår del av landet har bygd opp nye besetningar.
– I tillegg må me ikkje gløyma ei fin forteneste frå sal av eigedommar i Grimstad, Etne og på Bryne, får Bekken smette inn.

Forbetringskultur

– Kva er så løyndomen bak all suksessen?
– Dei siste ti åra har me innarbeidd ein forbetringskultur med metodikk frå den japanske bilindustrien. Det sentrale er at dei som har ansvar og er tettast på eit arbeidsfelt får tilstrekkeleg mynde til å gjera det rette, kvar dag. Det er både enkelt, og uhyre vanskeleg.
Bekken meiner han endeleg ser resultata no.
– Over ti tusen forbetringar, små og store, hevdar han.
– Me driv meir effektivt enn budsjettert og sparar fleire millionar. Det gir definitivt noko att til kunden.
Han gir eit døme ved å visa til det nye årets store happening, bygginga av eit nytt kraftfôranlegg nokre steinkast unna, nede på industriområdet ved Gandsfjorden.
– Me måtte ha investert og bygd ny fabrikk for lengst om me ikkje hadde gjort desse grepa.

Har tillit

To andre årsakar til dei gode tidene er eigarane og dei tilsette i FKRA, stadfestar Bekken.
– Eigarane har brukt oss mykje i 2016. Me har den naudsynte tilliten deira og dei kjenner nærleik til samvirke sitt. Det er difor det går bra. Eg trur me er fleksible, raske til å tilpassa oss endringar i marknaden og til å tilby det eigarane vil ha.
Bekken meiner at det er viktig med god styring og at eigarane vel dei beste representantane og tillitsvalde til å styra verksemda.
– Det blir vanskelegare og vanskelegare å få tak i unge tillitsvalde. Vil ein ha dei beste, må ein head hunta dei.
Direktøren seier han er privilegert.
– Det er og takka vere dei tilsette det går så bra. Det er eit privilegium å få leia ei bedrift med så mange framoverlente tilsette.

Spanade nytt år

I tillegg til den nye fabrikken skal det opnast nytt maskinsenter inkludert verkstad, salsavdeling og butikk på Klepp. I mars opnar ein etterlengta butikk i Mandal. Bekken er også spent på ertefabrikken her på Hillevåg, der det vart gjort viktige prosessforbetringar i 2016, som FKRA vonar å få full utteljing for i 2017. Det meste av proteinet frå fabrikken går til kjæledyrfôr i USA.
FKRA går altså så det kviner. Meir urovekkande er den jordbrukspolitiske utviklinga.
– Det blir spanande med handsaminga av jordbruksmeldinga i Stortinget. Vil det få verknad på oppgjeret, undrast Bekken.
– Eg opplever at landbruket med rette er skeptiske til ein minister frå eit parti som har uttalt seg landbruksfiendtleg. Landbruket er spent, men samstundes klar over at stortingsfleirtalet ikkje vil ha store endringar i landbrukspolitikken.

Stikkord denne saka: ,
Share This