Bondevennen var med Norsk landbruksrådgiving Hordaland, på fagtur til Nederland. Femti mjølkeprodusentar frå Jæren i sør til Sogn og Fjordane i nord var med på tur. Reiseleiar og kjentmann var Bart Van Gool.
Liv Kristin Sola
Programmet omfatta fem ulike gardsbesøk i sentrale delar av Nederland. Deltakarene fekk oppleva litt av kva utfordringar nederlandske mjølkeprodusentar står overfor. Produsentane me besøkte viste korleis dei på ulike måtar handterer utfordringane med klima, miljø og energirekneskapet.
Du får lese meir om turen i Bondevennen utover hausten

Det er stort fokus på miljø og på energiregnskap i det nederlandske jordbruket. Hjå Jan Borgman og Erna Roeterink var målet å verta sjølforsynte med straum frå solcellepanel.

Luftige fjøs etter drivhusprinsippet. Fjøs som er bygd på denne måten, utan møne, får inn mykje luft utan at bygget vert for høgt og dominerande i landskapet.