Kvitt smitta: Hans Magne Lomeland fekk ringorm på kjøpet då han kjøpte denne charolais-kalven av naboen i fjor haust. Etter vekevis med sanering og vaksinering, er fjøs og dyr friskemelde. – Men eg må vaksinera kvart dyr som skal inn i fjøset i seks år, seier Lomeland.

Snautt eitt år etter overtaking drog eit livdyrkjøp med seg ringorm til Hans Magne Lomeland sin gard. Etter vekevis med sanering og vaksinering vart han fri for smitta.

Jane Brit Sande

Hans Magne Lomeland tok over slektsgarden i Bjerkreim i starten av 2019. Han har sau og framfôring av oksar. Målet er å gå over til ammekuproduksjon. Allereie i november, same året som han tok over garden, fekk den ferske bonden ei utfordring.

– Eg hadde kjøpt ein charolais-kalv av ein nabo. Litt tilfeldig, og eg tenkte ikkje så nøye over risikoen. Berre få dagar etter eg hadde fått kalven i fjøset, ringde bonden eg kjøpte kalven av. Han hadde funne ringorm på nokre av dyra. Det var ikkje så gildt, helst litt skummelt. Eg visste ikkje heilt kva det var, og kva som venta meg, seier Lomeland til Bondevennen.

Les også: 15 spørsmål om ringorm

Full rulle

Då den innkjøpte kalven skulle klippast, var ikkje den ferske bonden særleg høg i hatten.

– Det var ei ekkel kjensle. Eg ante jo ikkje kva som ville koma fram under hårlaget, seier han.

Dei karakteristiske flekkane kom etter kvart til syne. Veterinæren vart kontakta, og seinare på dagen ringde også Mattilsynet for å informera om smitta. Frå den dagen vart det full rulle på garden, med klipping av dyr, vaksinering, informasjon om og planlegging av sanering.

– Informasjonen var veldig omfattande. Det var mykje på ein gong. Etter kvart vart eg og dei andre i Bjerkreim, som hadde fått smitta, kalla inn til eit informasjonsmøte. Det hjelpte. Men no tenker eg at den informasjonen eg først fekk frå Mattilsynet, ikkje stemte heilt med verkelegheita, seier Lomeland.

– Det vart framstilt som om eg måtte slakta alle dyra og helst bygga nytt fjøs. Det vart jo ikkje slik, seier han.

Fjøssanering

I samarbeid med veterinær Sven Ove Risa sette bonden opp ein saneringsplan. Mattilsynet hadde gitt han frist til 1. august 2020.

– Det gav meg rom til å utsetta saneringa av fjøset til beitesesongen var i gang. Garden der den smitta kalven stod, vart sjølvsagt vaska og desinfisert innan me starta vaksineringa, seier Lomeland.

Etter saneringa har fjøset frå 1930 fått seg eit kraftig løft. Lomeland reinska ut innreiing og matter, vaska og desinfiserte, og kvitta seg med halsband, kostar, gaflar og børstar. Veggene vart pussa, sparkla og mala, og golvet fekk nytt belegg. Dører, karmar og vindauge er også skifta ut.

– Eg gjorde mykje sjølv, med god hjelp av familien, seier Lomeland.

– Det var jo ein enorm jobb medan det stod på. Men no, når alt er ferdig, er det mykje gildare inne i fjøset, seier han.

Restriksjonar

Då smitta kom til gards, vart Lomeland pålagt restriksjonar. Han hadde ikkje lov til å gå inn i andre fjøs. På fjøsdøra hang den raude varslingstrekanten, og slakt av dyr måtte planleggast nøye.

– Slaktinga vart eit skikkeleg heft. Det måtte godkjennast av Mattilsynet, og meldast inn til slakteriet i god tid. Slaktebilen måtte ha min gard som siste stopp fredag ettermiddag, seier Lomeland.

Alle dyra som ikkje hadde symptom, måtte vaksinerast.

– Etter eit par veker såg eg at NRFkalvane som stod i same garden som den innkjøpte kalven, hadde blitt smitta. Dei såg ikkje mykje fine ut, seier Lomeland.

Tiltak i årevis

Det blir ein heil del vaksinering dei neste åra på garden.

– Kvart dyr som skal inn i storfefjøset må vaksinerast. Det må eg gjera i seks år, seier Lomeland.

Bortsett frå dette, er stoda meir eller mindre som normalt att på garden.

– Eg ser jo etter symptom, men eg er heilt fri for ringorm no, seier bonden.

Økonomisk tap

Lomeland hadde ei forsikring som dekte delar av dei økonomiske konsekvensane.

– Eg fekk dekt dyrlegerekninga og vaksinane, men all kostnad knytt til saneringa måtte eg betala sjølv, seier han.

I tillegg hadde dyra dårlegare tilvekst, og nokre dyr måtte slaktast litt tidlegare for at fjøset skulle bli tomt innan saneringa starta.

– Eg fekk hjelp av rådgivaren min til å rekna ut kor mykje eg tapte på dette. Dette har eg fått kompensert av forsikringsselskapet, seier han.

Open frå starten

Kjensla av å vere råka av ein smittsam dyresjukdom, og alt det fører med seg, er for mange uhyggeleg. Lomeland velde å vore open med sambygdingane om situasjonen på garden heilt frå starten.

– Like greitt. Det gjekk berre ein dag, så visste heile bygda om det, seier han.

Bonden oppmodar storfebønder i Rogaland til å ta situasjonen på alvor.

– Eg unner ingen å få smitta til seg. Det er arbeidsamt, kostbart og noko heft. Eg vil ikkje ha det att, i alle fall, seier Lomeland.

– Dette kan fiksast

Magnar Sandanger, Prima Jæren, og Bengt Egil Elve, Nortura, oppmodar bønder til å ta ringorm-situasjonen på alvor.

– Ikkje slå deg til ro med manglande funn på dyra. Særleg på kjøtfe er infeksjonen vanskeleg å oppdaga, seier Sandanger.

Ein samla bransje står bak prosjektet RingiRog. Veterinær Siv Meling er prosjektleiar (sjå eiga sak på neste side).

– Meling har uarbeidd godt materiale for både produsentar og rådgivarar. Dette nyttar me aktivt når me skal rettleia bønder som er råka av smitte, seier Elve.

Bøndene møter ein del praktiske utfordringar. Det blir stans i livdyrsal, slakt må planleggast nøye, fjøsa må sanerast og dyra vaksinerast.

– Me, som bransje, må stimulera positivt for at dette blir gjort, seier Sandanger.

Rådgivarane kan vere støttepersonar gjennom prosessen, for dei bøndene som ønsker det.

– Me tar kontakt så snart me er informert om smitte i eit fjøs, og sender RingiRog si skisse for sanering. Me kan også hjelpe til med å rekna på det økonomiske tapet. Elles støtter me bøndene der det er behov for det, seier Elve.

Smittevern

– Normalt smittevern vil beskytta deg. Alle fjøs må ha ei fungerande smittesluse, seier Elve.

– Bønder må ha eigne klede og sko som berre blir nytta i fjøset. Syt for at besøkande i fjøset, som veterinær, inseminør og teknikarar, også byter sko og klede, seier han.

Målet er å hindra all mogleg smitte, ikkje berre ringorm.

– Bøndene er dei beste til å hindra at smitte spreier seg, seier Sandanger. Gode lasterampar er også eit viktig smittevernstiltak, i følgje Elve.

– Det er viktig at sjåføren slepp å gå inn i fjøset, og å hindra at dyra snur og spring tilbake på veg inn i bilen, seier han.

Påkjenning

For mange bønder kan det vere ei påkjenning å få ringormsmitte i besetninga.

– Det viktigaste er å hugse på at dette kan fiksast. Du blir kvitt smitta, så det kjem til å ordna seg, seier Elve.

Til bønder som er uroa for smitte, har han følgande råd:

– Tenk over eige smittevern, og gjer forbetringar. Ikkje gå på besøk i fjøset til naboen utan smittebeskyttelse, og ikkje slepp inn folk i fjøset ditt utan at dei skiftar sko og klede. Ver tydeleg om nokon meiner det ikkje er naudsynt, seier Elve.

Stikkord denne saka: