Leigepris: Spennet i leigeprisane for mjølkekvote ligg mellom 0,70 og 1,75 kroner i Rogaland. Rekneskapsførar Per Herikstad meiner 0,60 kroner literen er eit fornuftig nivå for både leigar og utleigar. Foto: FKRA

Bønder som produserer mjølk på leigejord til 600 og leiger kvote til 1,50 ville hatt meir att ved å redusera omfanget på drifta, meiner rekneskapsførar Per Herikstad.

Sjur Håland

Leigeprisane på kvote og leigejord på Jæren varierer, og spenner frå kroner 0,70 til kroner til 1,75 per liter mjølk (tal frå NLR-Rogaland) og kroner 210 til 750 i leige for god grasjord (Rogaland-tal frå LD), seier Per Herikstad. Han held fram at fornuftig leigepris for jord og kvote for å få sunn økonomi i drifta til leigar og fornuftig avkastning til kvoteeigar, er 500 kroner per dekar og 60 øre per liter.

– Mange vil seia at dagens prisar er for høge. Eg meiner fleire burde rekna litt på eigne tal og gjere sine vurderingar av kva som er rett å betale for eiga drift, og sjå litt mindre på alle andre, seier han.

Må vurdera prisane

Rekneskapsføraren, med lang fartstid frå Hå rekneskapslag, held fram at alle bønder er næringsdrivande og må vurdere pris på ulike innsatsfaktorar som maskinprisar, leigeprisar, lønskostnadar med meir.

– Det handlar om å gjere eigne vurderingar etter behov. Ein må sjå på kva ein ynskjer og kva ein har råd til ut frå drifta, seier han. Ingen har bestemt at du må leige jord og kvote, påpeikar Herikstad.

Han erfarer at fleire mjølkeprodusentar hadde sete att med meir pengar på botnlinja om dei hadde redusert omfanget på eiga drift.

Jordleige 0,65 per liter

Utgangspunktet for Herikstad sine tabellar i denne artikkelen er ein leigepris på kvote på kroner 1,50 per liter og kroner 600 per dekar for leigejorda. Vidare har han nytta middeltal frå statistikken til den nye nøkkeltalanalysen til Rekneskapslaga på Jæren og i Dalane for 2019. Det er lagt inn ein kostnadsauke på ti prosent per kilometer i avstand mellom leigejorda og garden. Til grunn ligg bruk med fult påsett som har middeltal dekningsbidrag på kroner 4,15 per liter. Arealet er omrekna etter behov per ku med påsett, som er cirka åtte dekar. Dette gir med kroner 600 per dekar og ei yting per ku på 7434 kilo, ein kostnad per liter mjølk på kroner 0,65 kr for leige av jord.

Per Herikstad

Dekningsbidrag

I dekningsbidraget per liter mjølk er alle inntekter frå mjølk og kjøt, utanom tilskot. Vidare er alle variable kostnadar med som kraftfôr, gjødsel, plantevern, konservering, veterinær, semin, kjøp av livdyr med meir. Dekningsbidraget skal dekke alle faste kostnadar som vedlikehald, avskriving, løn, rente og leasing. Vidare bør det være att eit overskot til bonden.

Lønsemd, middeltal-gruppa

Det er i tabellen over ikkje lagt inn nokon kostnad til auke i verdi på besetning.

– Her burde eg nok også hatt med litt rentekostnad. Det er heller ikkje lagt inn ekstra kostnadar til meirarbeid med å mjølke og stelle ei større besetning, som i praksis kan være leigd dreng eller avløysar. Auke i faste kostnadar, som høgare serviceavgift til mjølkerobot, meir straum, høgare forsikring, meir vatn med meir, er heller ikkje lagt inn, understrekar Herikstad.

Han meiner det har vore litt for mange av rådgjevarane i landbruket som har snakka opp prisen på leige.

– Det blir hevda at ein kan betale nokså mykje på siste literen ein produserer, då alle faste kostnadar er like. Fjøset og roboten står der, medan ein gjerne har nok jord og fôr.

Rekneskapsføraren seier at dette er nokså rett om ein leigar 5000 liter, men at det blir svært feil når ein leigar 200.000 liter.

– For då går dei faste kostnadane også betydeleg opp, medan tilskota blir nokså like. Eg har også sett at arbeidsbelastninga blir så høg at resultatet på heile drifta går noko ned.

Ser ein på tilsvarande tal på den lågaste 30 prosent-nøkkeltalgruppa av mjølkeprodusentane blir tabellen slik:

Skal du leige jord og kvote til denne prisen som er lagt inn i neste tabell, må du drive med nøkkeltal som dei 30 prosent beste, seier Herikstad:

Fordelinga mellom mindre og større mjølkeprodusentar er om lag lik i dei tre nøkkeltalgruppene.

– Dette seier meg at kring halvparten av mjølkebøndene ikkje har god nok drift til å betale kroner 1,50 per liter i leige av kvote og kroner 600 per dekar for jorda. Same halvparten hadde då tent meir, eller hatt meir pengar på botnlinja om dei hadde sagt nei til slik avtale, seier han.

Herikstad konkluderer med at om ein skal ha ein fornuftig leigepris, er den som tidlegare kring kroner 0,60 per liter mjølk og kroner 500 per dekar i leige av jord.

– Då sit ho eller han som leiger ut att med kring ei krone for jord og kvote, medan den som tek heile risikoen med produksjon av mjølk sit att med om lag kroner 1,50 per liter mjølk til å dekke faste kostnadar og eige arbeid, seier han.

Fornuftig pris på leie, middeltal