bv41_aktuelt4

Tor Arvid Tjessem viser fram ein noko motvillig 13-0054.

 

Sandnes Sau og geit arrangerte felleskåring av vêrlam ein solskinnslaurdag i september. Både Spælsau og Norsk kvit Sau var å sjå i gardane som var sett opp på plassen utføre Noredalen Bygdahus.

Jane Brit Sande

– Me ser at heia-beitet ikkje har vore lika godt i år, som tidlegare, fortel Svein Varhaug, dommar frå Hå. – Våren har vore veldig spesiell i år, men der er fleire flotte lam her likevel.

Alt skal vurderast

Svein Varhaug hadde Olav T. Bø med seg som dommarkollega under kåringa. Dei var nøye med dømming av eksteriør, bein, og mengde og kvalitet på ulla. Poenga går frå eitt til ti. Dei dyra som samla får meir enn 35 poeng, får ei sløyfe.

– Eg har gjort dette sidan slutten av 1980-talet, fortel Varhaug. – Me har ei øvre aldersgrense for å vere dommar, så eigentleg er eg pensjonist. Men i år fekk dei ikkje tak i nok folk til å dømma, så ein kan vel seie eg fekk dispensasjon, smiler han.

Det var tydeleg at dommarane var drivne karar. Det gjekk unna; testiklar og spener blei talde, kropp og bein blei vurdert.

– Berre slepp han, og få han til å gå litt rundt, var av beskjedane utstillerane kunne få frå dommarane. Ullengda blei målt, forholda mellom dekkull og underull blei vurdert.

Flottaste vêlammet

Olav Furenes, formann i vêrringen, følgde ekstra nøye med under døm- minga. Han skulle plukka ut dei fem- ten beste vêrlamma, til vidare avl. Eit lam peikte seg ut; 13-0054, eigd av Tor Arvid Tjessem, fekk full pott på eksteriør, 9 poeng på bein, 9 poeng på ullmengde og 8 poeng på ullkvalitet.

 

bv41_aktuelt3

Svein Varhaug har vore dommar sidan 1980-talet.

 

 

bv41_aktuelt5

Olav T. Bø sjekkar ulla på nært hold.

bv41_aktuelt2

Både Spælsau og NKS var å sjå på kåringa.