• Flyktning og gardsarbeid, Van Duh Lian
    Van Duh sett pris på at gardsarbeid inneber fysisk aktivitet. Han tek gjerne i eit ekstra tak for å sikre seg ei god treningsøkt i arbeidstida.

Gardsarbeid stod først på ønskelista til Van Duh Lian. På Nevlandsheia i Gjesdal fekk han draumejobben. Målet er å bli avløysar.

Jofrid Åsland

Eventyret byrja då Marit Epletveit, bondelagsleiar i Gjesdal, nemnde for bonden, Ragnhild Aalgaard Veen, at bønder kan ha flyktningar i arbeidstrening.
– Ja, det vil eg, var det første Ragnhild tenkte.
Bondelaget og avløysaralget i Gjesdal har vore i kontakt med NAV for å tilby arbeid til arbeidsledige. I møte med NAV kom også flyktningetenesta inn i biletet. Dei hadde allereie ein aktuell kandidat for arbeidstrening på gard.
Bondelaget i Gjesdal har kontakt med flyktningetenesta, og fleire bønder står klare til å ta i mot gardsarbeidarar.

Liker å arbeide med dyr
På toppen av Nevlandsheia i Gjesdal kommune, Rogaland, finn du familien Aalgaard Veen. Ragnhild driv garden saman med faren Per Aalgaard. Mannen til Ragnhild, Ivan, har eigen gard på Gilja. Dei manglar ikkje arbeid, og sett stor pris på god hjelp frå Van Duh Lian.
– Eg liker å jobbe med dyr. Det er koseleg. Dessutan er gardsarbeid god trening, seier Van Duh.
Han har akkurat gitt kalvane mjølk, og vel ofte å bære både mjølk og kalvar for treninga si skuld. Van Duh kom som flyktning til Noreg, og kjem opphavleg frå Chinland i Burma. I heimlandet var han bonde. Han dyrka ris og grønsaker, i tillegg var det 6 kyr, 3 hestar, 15 høner og 1 gris på garden. Van Duh skildrar eit landbruk som er svært ulikt det norske, men kjærleiken til dyra har han med seg.
– Han er utruleg flink til å handtere dyr, og ikkje redd for å ta i eit tak. Dette er ei solskinshistorie, fortel Ragnhild.
Då ho hadde sagt ja til å ha Van Duh i arbeidstrening tenkte ho nøye gjennom kva oppgåva ville krevje av henne, og korleis ho skulle gå fram for å sikre eit godt smittevern på garden. Van Duh måtte ta blodprøvar og ny tuberkulosetest før han kunne begynne i jobben. No har han arbeida på garden i 2,5 månader. Den første tida var mest krevjande både for sjef og arbeidar.
– Eg må vere til stades hundre prosent heile tida, særleg den første tida. Kommunikasjonen er nok det som var mest krevjande, fortel Ragnhild.
Ho snakkar bokmål, og så enkelt som mogleg, for at Van Duh skal forstå kva ho seier. Stort sett går det veldig bra.

Vil bli avløysar
Det er tid for ettermiddagsrunden i fjøset. Ragnhild strør spon under dyra, medan Van Duh fôrar. Han kan arbeide meir og meir på eigahand. Han har også fått prøve seg med både snøskooter og ski i snøen.
– Det er veldig bra i Noreg, men litt kaldt. For meg er det veldig vanskeleg å gå på ski, men snøskooter er betre, fortel Van Duh.
Han bur på Ålgård, og tek same taksi som barna til Ragnhild følgjer til skulen for å kome seg til og frå jobb. Målet til Van Duh er å skaffe seg førarkort, slik at han kan køyre bil til jobb. Når førarkortet er i boks er planen å arbeide som avløysar i Gjesdal.
– Han blir ein dugande avløysar. Det er det ikkje tvil om, slår Ragnhild fast.

Vil ikkje bli større
Drifta på garden på Nevlandsheia består av mjølkeproduksjon og sau. Mjølkekvoten er på 400.000 liter mjølk, og sauetalet er på 85 vinterfôra sauer.

– Me har ikkje eit mål om å bli større, men drifte det me har på ein god måte. Me ynskjer høg produksjon, god helse hos dyra, at garden skal vere ein god arbeidsplass og ikkje minst ein god plass for ungane å vekse opp, seier Ragnhild.

Ho understrekar at først og fremst er ho mor. Ungane er aktivt med på garden. På fjøstavla har minstejenta skrive nokre hjelpande ord til mora: «Eg såg ei ku som slimte.» Mora er imponert over dottera på 8 ½ år, som allereie er inetersert i kartlegging av brunst.

Barna deltek også aktivt i lamminga, og eldstejenta, Sunniva, søv i fjøset i denne perioden. Lokalavisa, Gjesdalbuen, har laga film frå barna sitt aktive liv i fjøset. Høner, undulatar, vaktel, to hundar og to hestar høyrer også til på garden. Fuglane er barna sitt ansvar.

Samspelet mellom generasjonane

Ragnhild er eldste jente, og har odel. No står dei ved eit generasjonsskifte på garden. Ho har i fleire år drive garden saman med faren, og endringa blir nok ikkje så stor reint praktisk. Likevel skal rollane snus, ho skal eige garden og han arbeide for henne. Ho har aldri vore i tvil om ho skulle overta garden, sjølv om ho eigentleg er utdanna sjukepleiar. Det er i fjøset, blant dyra, ho kjenner seg i sitt rette element. Tida flyr i slikt godt selskap.

Foreldra til Ragnhild kjøpte garden på den frie marknaden i 1980. Mora har jobba ved sida av garden som sjukepleiar, medan faren har vore bonde. Saman har dei bygd opp garden til ein arbeidsplass for både far og dotter.

– Eg ser på det som mi oppgåve å forvalte det far min har bygd opp, seier Ragnhild.

Dei lever tett saman både i tunet, og som aktive bønder. Nokre gonger kan dei bli ueinige, som folk flest. Slik er livet når fleire generasjonar lever tett saman. Ragnhild veit at dei positive sidene er størst, som at barna kan springe til mormor for ein matbit eller overnatting når det trengst. Ikkje minst alle timane faren legg ned i den daglege drifta av garden.

Kjekt at dei unge vil overta

Då Per Aalgaard kjøpte garden bestod drifta av 7 kyr og 50 sauer. Den gong, i 1980, var det 33 mål dyrka jord på garden og 55 mål kulturbeite. I dag er det 250 mål dyrka jord, og 200 mål kulturbeite. Heile garden er på 1.400 mål totalt.

– Ja, eg har hatt nok å gjere. Me har hatt moglegheit til å bygge opp garden på grunn av at kona har hatt arbeid ved sida av garden. Me har fått det til i lag, seier Per.

Ekteparet har investert og bygd opp garden til det den er i dag. I 2003 blei fjøset bygd om til lausdrift med mjølkegrav, og i 2010 flytta mjølkeroboten inn.

– Økonomisk givande har det kanskje ikkje vore, men det er veldig tilfredsstillande å sjå at me har bygd opp ein drivverdig gard. Ikkje minst er det kjekt at dei unge vil overta, og er så interesserte. Det er veldig gildt, seier Per.

Han er heiasjef i Skrehei beitelag i Sirdalen, og understrekar at det kjem han til å halde fram med sjølv om han blir pensjonist.

– Denne snøskooteren er ikkje berre eit leiketøy. Me nyttar den i heia for å køyre utstyr og proviant, fortel den eldre bonden.

Han sit på skooteren saman med dei tre barnebarna. Lite kan måle seg med å køyre snøskooter med morfar.

Vil bli betre på LEAN

Ragnhild og Ivan deler interessa for landbruk, men deler ikkje garden. Ettersom dei eig og driv kvar sin gard er dei nøye med at dei ikkje skal bli skulda for å samarbeide, og ha stordriftsfordelar. Ivan har 30 ammekyr på garden sin på Gilja, og arbeider også ved Cargill.

Ragnhild skal drive heimegarden saman med faren, og forpaktar også noko jord på Ålgård. Dermed kan ein seie at ekteparet totalt driv 2,5 gardar. Det seier dei seg nøgde med, og har ikkje ambisjonar om å bli større.

– Me kan bli mykje betre på LEAN, på den delen som gjeld orden, fortel Ragnhild.

Dette er noko ho ynskjer å vidareutvikle på garden. Ho ser at med fleire involverte i drifta, er det endå viktigare at alt utstyr har sin faste plass som alle kjenner til. Dersom system og orden i sysakene får utvikle seg, ser ho at det kan vere positivt for arbeidskvardagen.

Arbeidsdagen til Van Duh er over for i dag. Barna på garden kjem heim frå skulen, og Van Duh stig inn i taksien på veg heim til kone og fire barn på Ålgård. Gardstunet på Nevlandsheia blir fylt av latter og forteljingar frå skuledagen. Høner og hestar får ein visitt, og snart skal barna på overnattingsbesøk til mormor. Mor skal nemleg ha foreining. Då er det veldig

Gardsfakta
Ragnhild Aalgaard Veen(38) tek over heimegarden sin etter Per og Solveig Aalgaard på Nevlandsheia i Gjesdal kommune, Rogaland. Ragnhild er gift med Ivan Veen (41). Han har sin eigen gard på Gilja, og driv med ammeku der. På garden til Ivan er det 140 mål dyrka jord, og 90 mål kulturbeite.

Ragnhild og Ivan har barna: Sunniva Aalgaard Veen (13), Orvar Aalgaard Veen (11) og Ane Aalgaard Veen (8 ½).
Garden på Nevlandsheia består av 250 mål dyrka jord, og 200 mål kulturbeite. Heile garden er på 1.400 mål totalt. Ragnhild leiger også 35 mål dyrka jord, og 200 mål kulturbeite på Ålgård. Drifta på garden er mjølkeproduksjon og sau. Det blir produsert 400.000 liter mjølk årleg av 40 årskyr, og sauehaldet består av 85 vinterfôra sauer.

2 islandshestar, 2 hundar, høner og hanar av diverse rasar, undulatar og vaktlar høyrer også til på garden.
Van Duh Lian er i arbeidstrening på garden med mål om å bli avløysar.

Denne reportasjen stod på trykk i Bondevennen nummer 5.