Fleire flyktningar skal busetjast i Gjesdal kommune i tida framover. Gjesdal Bondelag lurte på korleis dei kunne bidra, og inviterte Flyktningtenesta i kommunen til eit av sine medlemsmøter.
Jane Brit Sande
Eirin Folløy Oftedal og Lisa Skjæveland Halvorsen, begge frå Flyktningtenesta i Gjesdal kommune, vil gjerne ha med seg bøndene på laget.
– I dag er 59,5 millionar menneskje på flukt i verda, det høgaste talet sidan andre verdskrig, sa dei.
Årleg tar Gjesdal kommune i mot 30 flyktningar som skal busetjast i kommunen. Familiegjenforening kjem i tillegg.
– Flyktningar som bur i asyl har søkt om beskyttelse medan dei venter på å få behandla søknaden om opphaldstillatelse. Flytktningtenesta si oppgåve er å hjelpe dei som har fått tillatelse til å etablere seg i eit norsk samfunn, sa Oftedal.
Det er venta at talet på flyktningar kjem til å auke i åra framover, på grunn av den ekstreme situasjonen som er no.
Integrering av flyktningar
Når flyktningane kjem til kommunen, og skal etablere seg der, er dei avhengige av mykje hjelp. Dei skal inn i leilegheiter, og treng hjelp til å skaffe det dei treng der. Borna skal få plass i banehagar og på skular, og dei skal integrerast i fritidsaktivitetar.
– Dei vaksne skal så inn i eit introduksjonprogram. Det er lovpålagt for kommunane å tilby dette, og flyktningane er plikta til og har krav på dette programmet. I ein periode på to år får dei norskopplæring, samfunnskunnskap, dei lærer om reglar og normer i det norske samfunnet, om helse og om arbeidsliv. Dette er eit arbeidsretta program, der dei skal rett i arbeid eller starte utdanning så snart dei er ferdig, sa Oftedal.– I siste del av løpet, skal dei ha arbeidspraksis. Her er målet at dei skal lære meir om språk, sosiale reglar og få arbeidstrening, sa Halvorsen.
Det er her Flyktningtenesta gjerne ser at bønder er med.
– Ein bør investere litt tid på opplæringa. Dei seier gjerne at dei forstår, nikker og smiler, men dei forstår eigentleg veldig lite. Det er berre slik det er, det er ei kulturell barriere dei må kome seg over, og det tek gjerne opp til ein månad før dette er på plass, sa Oftedal.
– Ikkje gløym at dei opplever mykje for fyrste gong. Dei har verken sett mjølkerobot, høgtrykksspylar eller vore med på inseminering før.
NAV gir kompensasjon til arbeidsgivaren. Dette er ein liten sum, men er nok til å dekke arbeidsklede. Det er arbeidsgivaren, altså bonden, som er ansvarleg for at forsikringar er i orden. Det er dialog med Mattilsynet angåande smitte, og det blir testar for MRSA, hepatitt og salmonella.