HØYR!

For kaldt for koloradobilla

9. august 2019

Denne vil me absolutt ikkje ha her i landet

Den frykta koloradobilla er registrert i ein norsk potethage. Arne Vagle trur ikkje ho vil greia å etablera seg her til lands.

Sjur Håland

Ferierande nordmenn i utlandet får av og til med seg meir heim enn dei hadde tenkt. Nå er koloradobilla blitt funnen i levande live på norske potetplanter i ein kjøkkenhage på Modum i Buskerud. Norsk Landbruksrådgiving skriv på si heimeside at det truleg er egg, pupper eller larver som har følgt med importerte grønsaker over grensa. Eigaren av kjøkkenhagen har truleg kasta det billeinfiserte avfallet frå desse grønsakene i komposthaugen i hagen.

Arne Vagle er seniorrådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving i Rogaland med spesialkompetanse på potet. Han er ikkje særleg sjokkert over meldingane om at koloradobilla er registrert i glupsk aktivitet i Norge, men han vedgår at billa er skummel.

– Eigentleg er koloradobilla ein frykteleg skadegjerar som et opp potetriset på ein augneblink om ho kjem til i potetåkeren. Denne vil me absolutt ikkje ha her i landet, seier han.

Vagle held fram at det ikkje er første gongen koloradobilla har vore på besøk i Norge. Både levande og daude eksemplar er tidlegare funne på importerte grønsaker. Men det er i følgje Norsk Landbruksrådgiving første gongen det er påvist at billa har gått til angrep på norske potetplanter.

Det norske klimaet er potetbøndene sin viktigaste allierte, i følgje Vagle.

– Den naturlege grensa for koloradobilla sitt operasjonsområde ligg normalt i grenseområdet mellom Tyskland og Danmark. Over dette området svevar ho litt fram og tilbake, alt etter korleis dei klimatiske forholda er. Men i Norge vil klimaet vera for barskt for billa til at ho overvintrar, seier han.

Koloradobilla er ein karanteneskadegjerar som er lista i vedlegg 1 i Forskrift om plantehelse. Norsk Landbruksrådgiving held fram at ei eventuell etablering og spreiing av koloradobilla har potensiale til å gjera stor skade hjå potetdyrkarane.

– Er det eit problem at både bønder og folk flest reiser meir ut av landet og ser ut til å få stadig meir med i bagasjen heim att?

– Det er heilt klart ei utfordring. Eit anna moment som spelar inn i tillegg, er at det har vore varmt i veret ein lang periode. Då er det fleire av desse små krypa som overlever. Folk som har sitt arbeid i landbruket har eit særleg ansvar for å vera medvitne om kva ein tar med seg heim, seier Vagle.

Han held fram at karantenereglane som gjeld etter utanlandsopphald må følgjast.

– Alle har eit ansvar, men me i landbruket er sårbare og må vera særleg påpasselege. Tenk smittevern, og ta for all del ikkje med planter eller mat som frukt og grønsaker med heim frå ferie.