Marit og Vidar

Marit Epletveit og Vidar Nedrebø, begge i styret i Gjesdal Bondelag, var initiativtakerar til å arrangera temakveld om psykisk helse.

Gjesdal Bondelag inviterte til temakveld i anledning verdensdagen for psykisk helse.

 

Jane Brit Sande

 

–    Det var lett for meg å svare ‘ja’ til å arrangera denne kvelden, då eg fekk spørsmål om det, sa Marit Elpetveit, leiar i Gjesdal Bondelag, då ho opna kvelden.
–    Som fleire her veit, har eg vore gjennom det sjølv. Ein vanskeleg situasjon, som eg fekk hjelp av psykolog i Jæren DPS til å løyse, fortelde ho.
Statsminister Erna Solberg retta i sin nyttårstale merksemda mot psykisk helse, og at arbeidet for betra psykisk helse skal styrkast frå Regjeringa si side. I forbindelse med Verdensdagen for psykisk helse blir det arrangert forskjellige møter og samlingar over heile landet.
–    Me veit alle at det er så enkelt som dette; har me det ikkje godt sjølv, går det ikkje godt, sa Epletveit.
Vidar Nedrebø var initiativtakaren til å arrangere temakvelden i Gjesdal. Sjølv er han bonde og veterinær, og han fortel han treff mange forskjellige folk med forskjellig stress i kvardagen.
–    Mange slit med å halde seg på føtene, men signala blir ikkje lagt merke til. Denne dagen skal minne folk på å vere bevisst, og å sjå kvarandre, sa han.

Menn med historiar

Tolli Frestad og Oddvar Vignes, kjende som «Muntre menn om mentalt mørke», var invitert for å fortelje om sine erfaringar kring psykisk sjukdom. Dei har begge vore på botnen, men kjempa seg opp igjen. Dei fortelde sine historier, prega av alvor, men med muntre undertonar. Publikum både lo og rista på hovudet.
–    Når nokon spurde kva brukte dagane mine til, svara eg, halvt spøkefullt, at eg venta på ett-ferja. Så flirte dei litt, og det var fint. Det eg eigentleg sa, var at eg sitt aleine heile dagen, utan nokon. Om nokon hadde brukt fem minutt av sin dag til å helse på meg, hadde det vore fem minuttar mindre for meg aleine den dagen, fortelde Frestad om tida då han var sjuk.
Heile dagen satt han i stovevindauget, og såg utover fjorden, og gleda seg te sonen kom heim frå skulen. Hadde naboane besøk, og han var aleine heime, slukte han lyset og lata som han ikkje var heime. Det var då vendepunktet kom:
–    Eg trur ikkje Tolli likar å vere i lag med, hadde naboen sagt til Heidi, kona til Frestad.
–    Det var avgjerande for meg at ho var så ærleg. Signala eg sende ut, blei oppfatta annleis. Eg vart fortvila, men forstod det plutseleg: det handlar om kommunikasjon, sa han.
Oddvar Vignes fortelde om korleis han planla gjere enda på livet sitt, og vegen dit – og tilbake igjen.
–    Eg har gått på ein smell, svara eg når folk spurte kor eg hadde vore. Så flott at du er open om det, svara dei, fortelde Vignes om den tida etter den fyrste sjukmeldinga.
–    Merkeleg, sidan eg eigentleg ikkje fortelde dei noko som helst, sa han.

Denne teksten er eit utdrag frå saka som kjem på trykk i Bondevennen nr 44 – 31. oktober.