– For lite budsjett i potten til å styre politikken i den retninga vi ynskjer, uttrykker tillitsvalde i ein kommentar til årets jordbruksavtale.

 

Eirik Stople, Bondevennen

Bondevennen har innhenta kommentarar til årets jordbruksavtale frå fylkesleiar i Rogaland Bondelag, Ola Andreas Byrkjedal, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, og sentralstyremedlem i Norsk Bonde- og Småbrukarlag og medlem av forhandlingsutvalet, Torbjørn Norland.

Fylkesleiar, Ola Andreas Byrkjedal, Rogaland Bondelag

Fylkesleiar, Ola Andreas Byrkjedal, Rogaland Bondelag

Fylkesleiar, Ola Andreas Byrkjedal, Rogaland Bondelag

– Kva er du mest tilfreds med?
– Eg er tilfreds med at vi fekk ein avtale. Eit brot i år, i ei tid med arbeidsløyse og generelt økonomiske utfordringar, kunne vore vanskeleg å vinna forståing for. Det er positivt at vi gjekk frå eit tilbod om å kutte  overføringane med 70 millionar kroner til ein avtale som styrkjer over­føringane med 100 millionar kroner. Vi skulle hatt mykje meir for  å nå måla om å løfte økonomien på små og mell­omstore bruk, men dette var så langt vi kom.
Det er positivt at vi har fått auka støtte til beiting i utmark og eg støttar også overføring frå generelt kulturlandskapstilskot til aktivt beitetilskot. Satsinga for å stimulera til auka storfeproduksjon er óg positivt.

– Kva tenker du om utsettinga av lausdriftskravet?
– Nå er det utruleg viktig at vi får på plass ein investeringspakke. Dette er ein post som må koma inn på statsbudsjettet. Vi må nytta den omstillingstida vi har fått til å koma over på lausdrift.

– Kva er du misnøgd med?
– Eg er lei meg for at dei kraftfôrkrevjande produksjonane blir ytterlegare svekka i distrikta. Distriktslandbruket er avhengig av fleire bein å stå på.

Fylkesleiar, Anders Felde, Sogn og Fjordane Bondelag

Fylkesleiar, Anders Felde, Sogn og Fjordane Bondelag

Fylkesleiar, Anders Felde, Sogn og Fjordane Bondelag

– Kva er ditt generelle inntrykk av jordbruksavtalen?
– Det blei ingen god avtale, ikkje på nokon måte. Vi har ikkje levert i forhold til målsettinga for små og mellomstore bruk. Vi fekk ut altfor lite budsjettmiddel til å få ei retningsendring. Vårt fylkeslag var veldig nær å tilrå eit brot.

Svekker kraftfôrkrevjande produksjonar i distrikta
– Eg reagerer sterkt på at kraftfôrkrevjande produksjonar i distrikta, grunna frakt av fôr og produkt,  blir sagt å vera ein belastning for  miljøet. Med denne grunngjevinga reduserte ein distriktstilskotet på egg. Denne haldninga er eit trugsmål mot produksjonsfordelinga i Norge. Den rammar kylling, gris, egg og kan i neste omgang ramme mjølkeproduksjonen i distrikta. Dette er samanhengar vi ikkje kan akseptere om vi skal ha eit distriktsjordbruk.

Lausdriftskravet
– Det er optimisme blant mjølkeprodusentane i vårt fylke. Ein kvotepris på ni kroner per liter er ein indikator på optimisme Vi har fått «peppar» for å utsette lausdriftskravet, om det svekker investeringspakka. Bøndene ynskjer ei utvikling og vi må legga tilhøva til rette for å satse. Nå må vi jobbe knallhardt for å få på plass investeringspakka. Den er ein kjempeidé.

Sentralstyremedlem i Norsk Bonde- og Småbrukarlag og medlem av forhandlingsutvalet, Torbjørn Norland

Sentralstyre- medlem i Norsk Bonde- og Småbrukar- lag og medlem av forhandlings­utvalet, Torbjørn Norland

Sentralstyremedlem i Norsk Bonde og Småbrukarlag og medlem av forhandlings­utvalet,
Torbjørn Norland

– Kvifor braut Småbrukarlaget?
– Det blei inga satsing på små og mell­omstore bruk. “Satsing på storfe og mjølk”  blei “ finansiert” med kutt i areal- og kulturlandskapstilskot til alle bønder og produksjonar. Vi meiner at både det som låg på bordet og det som blei avtale er langt frå Stortinget sine mål om en variert bruksstruktur og auka matproduksjon på norske ressursar. 100 millionar er ikkje eingong i nærleiken av å inflasjonsjustere jordbruksoverføringane på 14,3 milliardar.
Det var også svært skuffande at det ikkje var vilje til å satse meir på velferdsordningane.
Retninga frå 2014-avtalen ligg fast. Vi forhandla på overtid og håpa på forståing for å få pengar til drive politikk, men det førte ikkje fram.