LESARBREV

Fosforet renn frå hagar og parkar

Fulle av fosfor: Innsendaren har tatt jordprøver i private hagar som viser skyhøge P-Al-nivå, frå 13 – 58. Foto: Istock

Innsendar: Magnus Søyland, bonde, Gjesdal

Styresmaktene går stadig til åtak på landbruket, no også med framlegg til nye gjødselføreskrifter frå Miljø- og Landbruksdirektoratet. Går desse forslaga gjennom kan landbruket måtta redusere gjødslinga med opp mot 40 prosent, med den konsekvensen det vil få for avlingar og matproduksjon her i landet.
Reknestykket til direktoratet er tydelegvis så enkelt at dei måler fosforinnhald i vassdrag, og så går dei ut frå at fosforet kjem frå landbruket. Miljø- og Landbruksdirektorata evnar tydelegvis ikkje å sjå andre kjelder til fosforavrenninga enn landbruket.

For å få eit litt meir nyansert bilete av forureininga, har eg tatt ein del jordprøver på eige innmarksbeite, beite det berre er brukt husdyrgjødsel på. I tillegg har eg tatt prøve på plenen ved kommunehuset i Gjesdal, på fleire fotballbanar og i private hagar.
Innmarksbeita der prøvane er tatt, er berre gjødsla med husdyrgjødsel i 15-40 år. Det er aldri brukt kunstgjødsel på desse beita – beiter som er svært viktige i grovfôrproduksjonen på garden. Gjødselpraksis har vore storfegjødsel med jetvogn, to-tre gonger per år. Dei siste ti åra er ei av gjødslingane med storfegjødsel blitt erstatta med fjørfegjødsel.

Eg tok 11 jordprøvar på innmarksbeita, på åtte av desse var P-Al (fosfor-) nivået på 1 eller 2, som er lågt. Dei tre siste prøvane viste P-Al på 4, 5 og 6, som også er middels. Etter 30-40 år med husdyrgjødsel (eg har ikkje spart på gjødsla), er fosforinnhaldet i jorda så lågt at det fosforet graset treng for å vekse, må tilførast med gjødsel. Til orientering er PAl-nivå i følge Norsk landbruksrådgiving: 1-2 lågt, 3-6 middels, 7-15 høgt og over 15 svært høgt.
Det er tidlegare tatt jordprøver på innmarksbeite som viser eit høgare P-Al nivå, men desse areala blei kraftig gjødsla med kunstgjødsel på 1960- og 70-talet, då kunstgjødsel var billig og det ikkje fanst gjødselplan. Då kjem spørsmålet: Er det utreda skikkeleg kor mykje gamle synder (overforbruk av kunstgjødsel i tidlegere tider), har å seie for fosforinnhaldet i jorda i dag? Når det berre er brukt husdyrgjødsel i 40 år og jordprøvane har eit P-Al nivå på 1 og 2, bør ein kanskje sjå litt på kva historia med kunstgjødsel har å bety for høge P-Al tal.
Jordprøven ved kommunehuset har P-Al på 12, som er høgt. Den prøven tok eg i fem-meterssonen ut mot elva, ein sone jordbruket ikkje har lov å gjødsle i. Det kan tyde på at kommunen ikkje har teke omsyn til femmetersonen ved gjødsling.

Fotballbanane i Oltedal og Bjerkreim viste P-Al-nivå på 16. I forslag til ny gjødselforskrift frå Miljø- og Landbruksdirektorata, skal landbruket ikkje få lov å bruke fosforhaldig gjødsel, som også omfattar all husdyrgjødsel, dersom P-Al nivået overstig 14. Derimot kan Frøyland stadion, som hadde eit P-Al nivå på 40, forsette å bruke fosforgjødsel.
Dessverre fekk eg ikkje tatt jordprøve på den gamle grasbanen på Ålgård stadion, då jorda på denne banen er fjerna. Men i følgje Handelslaget blei det kjøpt inn 3200 kg kunstgjødsel til denne banen. Det utgjer 400 kg pr daa/år, og er mange gonger høgare enn gjødselplanane jordbruket må førehalda seg til. Banen låg like ved elva Figgjo, og det er uvisst kor mykje av dette fosforet som hamna i elva. Det som er sikkert er at jordbruket nedover Figgjo har fått skulda for denne avrenninga. Fotballbanane har ingen gjødselplan, i alle fall ingen plan som tek omsyn til vasskvaliteten i elver og bekker.

Jordprøver tatt på grasplenar i private hagar viste P-Al frå 13 – 58 (seks tilfeldige grasplenar viste P-Al på 13, 19, 30, 31, 51 og 58). Sjølv om hagane ikkje er så store kvar for seg, blir det samla store areal då dei er så mange. I følge same handelslag er det vanleg at hageeigarar kjøper dobbelt av tilrådd mengde kunstgjødsel til hagane sine. Hageeigarar har ingen gjødselplan, heller ingen plan for når på året dei kan gjødsla. Eg kjenner tilfelle der hagane blir gjødsla året rundt. I slutten av september i år spurte eg personalet på Handelslaget kvifor dei ikkje hadde pakka bort kunstgjødsla for sesongen. Svaret var: ”reglane for bruk av gjødsel gjeld jo berre landbruket”.
Kvar blir det av alt dette fosforet frå kunstgjødsla som brukast i hagar, parkar, fotballbanar og liknande – og som plantene ikkje klarer å nyttiggjere seg? Jau, det hamnar i vassdraget. Kven får skulda? Sjølvsagt får landbruket skulda.
Eit spørsmål til Miljø- og landbruksdirektoratet: Kvifor går de til åtak på matproduksjonen min, der eg har brukt kortreist og naturleg husdyrgjødsel, og P-Al ligg på 1 og 2? Kvifor ikkje bry seg meir med hageeigarar, som brukar store mengder kunstgjødsel, og har P-Al nivå på mest 60?

Fosfor er ein ikkje fornybar ressurs og ein av grunnpilarane i matproduksjonen. Denne ressursen kan på 50-100 år forsvinne eller bli vanskelegare å utvinne. Det er meiningslaust at framtidige generasjonar skal svelte grunna fosformangel, berre fordi dagens generasjon brukar opp fosforet for å få fine plenar. Det bør innførast totalforbod mot bruk av fosfor i hagar og parkar. Fosforet må sparast til matproduksjon.

Ei anna forureiningskjelde som styresmaktene gjer lite eller ingen ting med er oppdrettsnæringa. I følgje programmet Brennpunkt på NRK, tilsvarar gjødsla frå oppdrettsnæringen i Norge, kloakken frå 17 millionar menneske. Hadde jordbruket dumpa gjødsla i sjøen på same måten som oppdrettsnæringen gjer det, hadde bøndene sete bak lås og slå. Kven skulle då produsert maten? Medan jordbruket sitt fosfor går i evig sirkel, frå dyra som gjødsel, til jorda og tilbake til dyra som gras – går oppdrettsnæringa sitt fosfor gjennom fisken og rett til havbotn.

Jordbruket skal gjera sitt for å redusere forureininga, inkludert tapet av fosfor. Men det må bli slutt på styresmaktene si einsidige merksemd på jordbruket som forureiningskjelde, medan andre berre kan forureina som dei vil.