Illustrasjonsbilete frå Bondevennen sitt arkiv.

Illustrasjonsbilete frå Bondevennen sitt arkiv.

Dei kompliserte reglane om driftsfellesskap vert vidareført, men reaksjonsmønsteret ved brot på reglane om driftsfellesskap er gjort meir fleksibelt.

Olav Magne Tonstad

Ny forskrift om produksjonstilskot i jordbruket blei gjort gjeldande frå 1. januar i år. Reglane om driftsfellesskap i paragraf sju er nok dei som skaper mest utfordring for bøndene som skal søke tilskot.

Forholdsvis meir tilskot til dei små husdyrbruka

Formålet med regelen om driftsfellesskap er å ivareta strukturelementa som ligg i jordbruksavtalen. Det vil seie at ein bonde med 10 mjølkekyr får forholdsvis meir tilskot per ku enn ein bonde med 40 kyr. Dette fordi bonden med 10 kyr har høgare kostnad per mjølkeku enn bonden med 40 kyr. For å få denne kompensasjonen er det ein føresetnad at føretaka reint faktisk ikkje driv med fleire husdyr enn det som går fram av søknadsskjemaet. Ulike føretak kan heller ikkje samarbeide på ein slik måte at det oppstår driftsfellesskap.

Definisjon av driftsfelleskap og same produksjon

Departementet slår fast at det oppstår driftsfellesskap der føretak, som reelt sett inngår i éi felles verksemd eller på annan måte oppnår skalafordeler gjennom samarbeid, og som søker tilskot til same produksjon. Alle typar husdyrproduksjonar vert sett på som same produksjon. Planteproduksjonar innanfor ei vekstgruppe, slik desse til ei kvar tid er definert i medhald av jordbruksavtalen, vert rekna for å vere same produksjon.

To hovudformer for driftsfellesskap

Departementet peiker på to hovudformer for driftsfellesskap. Den eine forma er at produksjonen på garden vert splitta opp i to eller fleire verksemder, der eit føretak i verkelegheita driv begge verksemdene. Den andre forma er at to eller fleire føretak samarbeider på ein slik måte at det oppstår driftsfellesskap.

Føretak som ikkje hentar ut meir tilskot, kan samarbeide

Ei viktig endring er der fleire føretak som er i driftsfellesskap, ikkje hentar ut meir tilskot ved å søke tilskot kvar for seg, enn kva dei ville fått om tilskotet hadde vore berekna samla. Desse føretaka kan søke tilskot kvar for seg, og dei treng ikkje opplyse om driftsfellesskapet. Dette vil vere aktuelt for arealbaserte produksjonar, som grønsaker, poteter, etc., der det ikkje er strukturdifferensiering i satsane. Det vil seie at det er flat tilskotssats og heller ikkje toppavgrensing.

Må opplyse om driftsfellesskap

Tidlegare var regelen slik at eit føretak i driftsfellesskap og føretak med felles formelle eigarinteresser ikkje kunne få tilskot. Nå kan føretak i driftsfellesskap få utmålt tilskot for det samla dyretalet og arealet som vert disponert innanfor driftsfellesskapet. Det blir ei felles berekning av søknadene. Føretak som er i driftsfellesskap må opplyse om det i søknaden om produksjonstilskot. Dei kan då enten levere kvar sin søknad eller felles søknad for det samla dyretal og areal som føretaka disponerer. Føretak som har opplyst om driftsfellesskap, får ikkje avkorting i tilskotet.

Føretak som blir «tatt» for driftsfellesskap

Føretak som i kontroll eller på annen måte blir «tatt» for at dei samarbeider for nært (driftsfellesskap), kan også få berekna tilskot for det samla dyretalet og areala som vert disponert innanfor driftsfellesskapet. Dersom desse føretaka uaktsamt eller forsettleg har latt vere å opplyse om at dei er i driftsfellesskap, skal tilskotet avkortast.

Regelen om eigarskapsbegrensning er fjerna

Regelen om felles eigarinteresser er oppheva. Det vil seie at ein person eller eit selskap nå kan drive fleire føretak og levere sjølvstendige søknader om tilskot. Departementet understreker at sjølv om denne regelen er oppheva, vil det bli kontrollert om føretaka er i driftsfellesskap med kvarandre. Formelle eigarinteresser vil være ein viktig indikator på om det er driftsfellesskap mellom dei ulike føretaka. Det er derfor på ingen måte fritt fram å splitte opp verksemda i fleire føretak.

Teikn på driftsfellesskap

Fleire faktiske forhold kan tyde på at det er driftsfellesskap mellom forskjellige føretak. Eksempel på slike forhold kan vere:

  • Nærleik på eigarsida i føretaka. Det vil for eksempel seie der eit føretak blir eigd av nokon som også har ein eigardel i eit eller fleire andre føretak, og desse søker tilskot til same produksjon.
  • Ein person som driv fleire føretak, for eksempel ei samdrift og eit enkeltpersonføretak.
  • Føretak med nærleik på eigarsida som driv med produksjonar som liknar kvarandre driftsmessig og som føregår på same eigedom. Eksempel på dette er føretak som driv grovfòrbasert husdyrproduksjon.
  • Eigardelen framstår som ein rein formalitet, som for eksempel når mjølkekvoten til eit føretak er bortleigd, og dette leigeforholdet er formalisert med ein svært låg eigardel i ei samdrift (typisk mellom 0,1 og ein prosent eigardel i selskapet). Dagleg leiar i samdrifta har då ein eigardel på rundt 99 prosent, og driv i verklegheita samdrifta som eit enkeltpersonføretak
  • Nære familieforhold, for eksempel der to føretak vert drivne av ektefellen eller sambuaren eller av foreldre og barn. Ein må her særleg vere på vakt dersom begge føretaka driv med grovfòrbasert husdyrproduksjon.
  • «Plutselig» oppsplitting av produksjonar som tidlegare er blitt drivne av eitt føretak.
  • Fleire føretak som har felles driftssenter eller som har driftssenter i umiddelbar nærleik av kvarandre.
  • Fleire føretak som disponerer driftsbygning og jordbruksareal i fellesskap.
  • Samanblanda besetningar. Her kan det bli vanskeleg å sannsynleggjere at produksjonane vert drivne klart atskilt.
  • Beitesamarbeid som føregår for langt ut over sesongen. Beitesamarbeid om sommaren er ei ønska driftsform, og blir ikkje sett på som driftsfellesskap. Men det er ein føresetnad at beitesamarbeidet vert avgrensa til den perioden der kyrne går på beite, og ikkje langt ut over hausten.
  • Felles bankkonto. For eksempel der fleire føretak søker tilskot kvar for seg, men som får tilskotet utbetalt til same bankkonto.
  • Fleire føretak som leverer slakt bare på eitt av føretaka sitt produsentnummer.
  • «Feil» merking av husdyra, det vil seie at husdyra ikkje er rett merka med merka til det føretaket som søker tilskot på dyra.
  • Andre indikatorar er felles driftsopplegg, driftsleiing og driftsmidlar, samt felles arbeidsinnsats.
  • Felles maskinpark er i utgangspunktet ikkje tilstrekkeleg til å konstatere driftsfellesskap. Myndigheitene ynskjer ikkje å slå ned på maskinsamarbeid i mindre omfang. Men dersom samarbeidet er omfattande, og det også er samarbeid på andre områder, vil felles maskinpark tale for at det ligg føre driftsfellesskap.

Driftsfellesskap i konsesjonsregulerte husdyrproduksjonar

I svine- og fjørfeproduksjonar som er underlagt regelverket om husdyrkonsesjon, kan driftsfellesskap også oppstå etter dette regelverket, og ikkje bare etter regelverket om produksjonstilskot. I forskrift om produksjonstilskot er det teke med ein regel som seier at det er driftsfellesskap mellom ulike føretak, dersom dette er konstatert av landbruksmyndigheitene i medhald av lov om regulering av svine- og fjørfeproduksjon.

Oppsummering ved driftsfellesskap

To eller fleire føretak som er i driftsfellesskap kan:

  • Søke kvar for seg ved å levere kvar sin søknad
  • Søke samla gjennom ein søknad frå eitt av føretaka
  • Søke frå eit felles føretak

På søknadsskjemaet må du krysse av om føretaket ditt er i driftsfellesskap med andre føretak som driv same produksjon. Dersom du er i driftsfellesskap, må du opplyse kva for føretak som du er i driftsfellesskap med. Husdyr, areal, etc. må då fordelast på søknadene. Føretaka som er i driftsfellesskap, får ikkje meir i tilskot enn det dei ville fått om dei hadde levert ein felles søknad.

Avkorting ved brot på regelverket (§ 11)

Denne regelen opnar for at tilskotet kan avkortast. Konsekvensen av brot på regelverket er ikkje at tilskotet skal avkortast, sølv om dette ofte vil vere utfallet. Imidlertid er det nokre tilfelle der tilskotet skal avkortast. Dette er tilfelle ved brot på forskrift om gjødslingsplanlegging og forskrift om plantevernmiddel. Det same er tilfelle der føretaka «uaktsomt eller forsettlig har unnlatt å opplyse om at de er i driftsfellesskap». Dette går fram av § 7 i forskrifta.