Torunn og Sveinung Havrevoll

Torunn og Sveinung Havrevoll

– Legg du eit bruk som Tveit brakk, om så berre i eitt år, er det slutt. Du får det ikkje opp igjen, seier Torunn og Sveinung Havrevoll.

Eirik Stople

Journalistane Anders Minge og Harald Birkevold har i tre år fått følgja bøndene Torunn og Sveinung Havrevoll på fjellgarden Tveit, i Suldal kommune. Det har blitt ei synleggjering av livet på ein fjellgard og arbeidet som følgjer med gjennom årstidene.
– Vi ville fortelja historia om korleis det er å driva eit familiebruk med tradisjonelle husdyrproduksjonar på ein fjellgard, i Suldal, i vår tid. Vi ser òg på prosjektet som ein usminka dokumentar for ettertida, fortel journalistane.
Historia er presentert med ein fotomontasje i kulturhuset på Sand. Utstillinga skal også synast fram i Stavanger og i Oslo. Primærmålgruppa for utstillinga er folk utanfor landbruket.

Landbrukspolitisk debatt

Arrangørande hadde samla eit bredt samansett panel, beståande av: F.v. Reidar Almås, professor emeritus ved Norsk senter for bygdeforskning, Gerd Helene Bø, ordførar i Suldal (Sp), Geir Pollestad, Stortingsrepresentant og leiar av Næringskomiteen (Sp), Terje Halleland, Statssekretær i landbruks- og matdepartementet (FrP) og Ola Andreas Byrkjedal, Fylkesleiar i Rogaland Bondelag.

Arrangørande hadde samla eit bredt samansett panel, beståande av: F.v. Reidar Almås, professor emeritus ved Norsk senter for bygdeforskning, Gerd Helene Bø, ordførar i Suldal (Sp), Geir Pollestad, Stortingsrepresentant og leiar av Næringskomiteen (Sp), Terje Halleland, Statssekretær i landbruks- og matdepartementet (FrP) og Ola Andreas Byrkjedal, Fylkesleiar i Rogaland Bondelag.

– Eit tredje aspekt ved prosjektet er å skapa politisk debatt om landbrukspolitikken og framtida til distriktsjordbruket, fortel Aftenbladjournalistane.
Med utgangspunkt i garden til Torunn og Sveinung Havrevoll, inviterte dei, i samarbeid med Suldal kommune til landbrukspolitisk debatt på kulturhuset på Sand. Bøndene i Suldal og andre interesserte fylte auditoriet.

Sagt i møtet

– Landbruket må bygge koalisjonar, slutte å kaste skit, finne nye spor og ha med seg store og små bruk.
Reidar Almås

– Dei store bruka må ta det meste av inntektene på pris, dei små på tilskott. Utslaga av 2014 avtalen gjekk i motsett retning.
Reidar Almås

– Faglaga forhandla bort prioritering av korn på bekostning av gras i kornområda.
Terje Halleland

– Vi dobla lammetilskotet og fekk opp produksjonen, nå legg vi om på storfe.
Terje Halleland

– Vi har fått ein subsidiegalopp og gjeldsoppbygging på dei største bruka.
Geir Pollestad

– Vi fekk ei lita vridning i årets avtale. Ting må takast stegvis.
Reidar Almås

– Vi må søke eit politisk fleirtal for ei ny retning, beståande av Sp, Ap og KrF.
Geir Pollestad

– Vi må ikkje gløyme den femte berebjelken i landbrukspolitikken, politiske verkemiddel for eit landbruk over heile landet med utjamning mellom produsentar etter storleik og landbruksdistrikt.
Reidar Almås

– Strukturutviklinga vil halda fram.
Terje Halleland

– Ryk grensevernet, ryk alt.
Geir Pollestad

– Distriktsjordbruket ar avhengig av å stå på fleire bein.
Ola Andres Byrkjedal

– For å behalde vårt Suldal, må me ha med landbruket.
Gerd Helene Bø