Kokkeelevar fekk nærkontakt med matproduksjonen på Jæren. Målet er å rekruttera ambassadørar for norskprodusert mat.
Jane Brit Sande
Kvart år inviterer Rogaland Bondelag, i samarbeid med Kokkemesterlauget Rogaland og Jærkokken Heine Grov, kokkeelevar på gardsbesøk og fagdag. Elevane er frå vidaregåande skular i Rogaland. Førre torsdag var eit titals elevar på busstur på Jæren for å komma tett på matproduksjonen.
Tradisjon
– Dette har vore ein tradisjon i ti år. Me vil visa elevane kor maten kjem frå. Desse ungdommane skal lage maten vår i framtida, seier Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag.
Ikkje alle har nokon i omgangskretsen med ein gard som dei kan besøka, og difor blir eit fagopplegg som dette viktigare og viktigare, meiner Epletveit.
– Målet vårt med dagen er å la elevane samle inntrykk av kva som skjer og korleis det er på åkeren og i fjøsa, og gi ei høve til å stilla bøndene spørsmål. Seinare kan kanskje også me i Bondelaget få innspel frå dei, om kva vekstar som er spanande å satsa på, seier ho.
Åker er første stopp
Første stopp for skuleelevane denne dagen er hjå Marianne og Ola Sunde, gulrot- og tomatprodusentar på Vik i Klepp kommune.
– Det er viktig å visa komande kokkar litt jordbruk. Det handlar om å rekruttera ambassadørar for norsk mat så tidleg som råd, seier Ola Sunde.
Svein Kenneth Vormestrand er elev på Karmsund vidaregåande i Haugesund. Dette er første gong han er i ein grønsaksåker.
– Det er kjekt å koma seg ut av klasserommet og sjå korleis det er i råvarelivet, seier han, og nyttar høvet til å hausta lilla blomkål.
– Denne blomkålen smakar litt annleis, kommenterer han, og er spent på korleis blomkålssuppa vil sjå ut.