BN+

Smittefrykt: Mattilsynet og mange bønder fryktar at det skal følgja smittsame sjukdommar og planteskadegjerarar i kjølvatnet av den omfattande grovfôrimporten. Illustrasjonsfotografiet synar eit parti med dansk halm lossa i ei norsk hamn førre veke.


Bonde Per Bergøy fryktar at grovfôrimporten skal koma ut av kontroll, og at det skal følgja med planteskadegjerarar og husdyrsjukdomar inn på gardane.


Sjur Håland


– Me må sjølvsagt gjera det me kan for å avhjelpa fôrsituasjonen, men samstundes er det viktig med full oversikt og kontroll med grovfôret som kjem inn. Dette er skummelt, understrekar han.


Bergøy har vore bonde på Finnøy sidan først på 1980-talet. No har han gitt frå seg garden til neste generasjon, og omtalar eiga rolle som dreng. Engasjementet for yrket har han derimot ikkje gitt frå seg. Han syner til brunsnigelen som døme på ein uønskt skadegjerar som invaderte Norge, truleg via planteimport, sist på 80-talet. Snigelen har blitt ei stor plage for siste tiåra.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Bondevennen kampanje

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: ,