Føre var: Frå veksthusa til NIBIO på Særheim etterlyser Henk Maessen (foran) og Arne Sæbø tiltak for å hindre spreiing av det nye og skadelege tomatviruset ToBRFV til Noreg

Eit nytt og svært øydeleggjande tomatvirus spreier seg frå land til land.– Dersom me ikkje gjer noko, er det 99 prosent sikkert at det kjem hit, seier tomatekspert Henk Maessen.

Bothild Å. Nordsletten

Tomatprodusentane i Rogaland har all grunn til å uroa seg over det nye tomatviruset Tomato brown rugose fruit virus, forkorta til ToBRFV. Rogaland produserer så godt som alle norske tomatar, til ein førstehandsverdi (frå produsent til varemottakar) av ca. 370 millionar kroner årleg. Skulle det svært smittsame viruset kome hit, kan konsekvensen bli store tap for næringa.

– Dette utgjer eit stort trugsmål for næringa, seier Henk Maessen, rådgjevar og tomatekspert ved NIBIO avdeling Særheim.

– Dersom me ikkje gjer noko, er det 99 prosent sikkert at viruset kjem hit. Det er berre eit spørsmål om tid.

Maessen, som opphaveleg kjem frå Nederland, seier han er uroa. I heimlandet er 340 hektar med tomat så langt smitta. Smitta har også nådd Spania. Nesten alle tomatane som blir importert til Noreg kjem frå desse to landa.

Kontrolltiltak

Saman med stasjonsleiar ved NIBIO Særheim, Arne Sæbø, tek Maessen til orde for å innføra ei rekke sikringstiltak raskt. Ettersom det ikkje finst nokon «kur» mot ToBRFV, og gitt at det truleg vil ta årevis å utvikle resistens mot viruset, handlar alt om førebyggjande arbeid. Dei to påpeiker at det er viktig å kontrollere importerte tomatfrø og at importerte tomatar kjem med dokumentasjon på virusfritt opphav. Dei åtvarar om smitterisikoen dersom tilsette i veksthus kjøper tomatar i butikken, og rådar også tomatprodusentane om å velja reisemål med omhu.

– Dei bør vera varsame kva gjeld reiser til Nederland eller andre land der viruset er påvist. Og iallfall ikkje besøk veksthus der. Ver forsiktig med folk som kjem frå Nederland, til dømes salspersonar. Og berre kjøp nytt utstyr, ikkje brukt. Gode hygienerutinar er også svært viktig, seier Maessen.

I tillegg til smittevern, handlar det i høgaste grad om økonomi, meiner Sæbø.

– Den største kompetansen på tomatproduksjon sit her på Særheim. Vår jobb er å syta for at gartnarane får dei beste råda. Me skal bidra til å sikra økonomien deira, og smittvern er ein utruleg viktig del av økonomien. Får ein produsent inn dette viruset, raknar økonomien.

Ikkje for sal: Tomat med ToBRFV-symptom. Foto: Diana Godínez/www.eppo.int

ToBRFV

(Tomato brown rugose fruit virus)

Nytt virus som går på både tomat og paprika/chilli. Øydelegg 15 -100 prosent av avlingane ved at blad og frukt får flekkar og blir deformert, slik at dei ikkje kan seljast. Ikkje skadeleg for menneske eller dyr. ToBRFV er svært smittsamt, overlever lenge på frø, i jord, frukt, pollinerande humler, emballasje, hender og kler. Ingen botemiddel kjent så langt.
Viruset vart først oppdaga i Israel i 2014 og har sidan spreidd seg til verda over, inkludert til USA, Kina, Spania, Nederland og Storbritannia.

Kjelde: Eppo – Plantehelseorganisasjonen for Europa og middelhavslanda

Ønskjer Mattilsynet på banen

Maessen og Sæbø viser til føre var-prinsippet.

– Me kan ikkje brannsløkkja etterpå. Det er litt dumt ikkje å gjera noko førebyggjande arbeid, når me veit at viruset kan koma, seier Maessen.

Han og Sæbø etterlyser både ein risikoanalyse frå Mattilsynet si side, samt at viruset blir plassert på den såkalla karanteneskadegjerarlista. Insekt, sopp, bakteriar og virus på denne lista er forbodne å introdusera og å spreia i Noreg, då dei kan gi store skadar i planteproduksjonen. Skadegjerarar som hamnar på lista kan utløyse erstatning til produsentane, men må ikkje gjera det. Sæbø stiller spørsmål om styresmaktene kanskje lar vera å innføra viktige førebyggjande tiltak fordi dei er redde for store erstatningskrav frå veksthusnæringa.

Ingen tiltak enno

Kåre Willumsen, seniorrådgjevar i Mattilsynet, stadfestar at tiltak, slik dei Maessen og Sæbø etterlyser, enno ikkje er sett i verk. Samstundes meiner han det er all grunn for tomatgartnarane til å vera på vakt og å sette i verk tiltak for å unngå å få inn smitte. Han seier at Mattilsynet følgjer nøye med på utviklinga.

– Korleis vurderer de risikoen for at ToBRFV spreier seg til Noreg?

– Den er jo der, fordi me importerer frø til tomatproduksjonen. Importtomatar, inkludert emballasjen, representerer også ein viss risiko.

Willumsen fortel at EU innførte strakstiltak mot viruset i haust, noko han meiner inneber ei viss sikring mot vidare spreiing til Noreg. Mellom anna kontrollerer EU handel med planter og frø.

– Kvifor innfører me ikkje slike tiltak i Noreg?

– Det kan me, men eg ser ikkje føre meg at det skjer i næraste framtid. Me har ikkje veldig tradisjon for slike strakstiltak.

– Kvifor?

– Det må først vera om stoda er svært kritisk.

– Men om nesten heile avlinga ryk så er det jo kritisk?

– Joda, det er det.

– Vurderer de å setta viruset på lista over karanteneskadegjerarar?

– Det er under vurdering, men eg kan ikkje stadfesta at så blir gjort. I siste instans er det Landbruks- og matdepartementet som avgjer, etter råd frå oss.

Førebels er me i dialog med plantehelseekspertane ved NIBIO på Ås. Dei skal gi oss ei risikovurdering. Så tek me stilling til deira funn og føreslår eventuelle tiltak for departementet.

Økonomi ikkje eit hinder

I kva grad produsentar kan få erstatning dersom viruset hamnar på karanteneskadegjerarlista, kjem i stor grad an på kva tiltak Mattilsynet tilrår, seier Willumsen.

– Er økonomi eit hinder for at tiltak blir sett inn no?

– Nei. Og skulle me få eit tilfelle av viruset no, måtte me gjera eit forsøk på å utrydde det, ved destruksjon av planter.

– Kven betalar?

– Dersom Mattilsynet meiner at det er naudsynt å destruera planter for å utrydde viruset, så har me ein paragraf i plantehelseforskrifta som gjer at me kan sette i verk tiltak som kan utløyse erstatning, sjølv om viruset ikkje er lista som skadegjerar. Elles vil eg ikkje uttala meg meir om erstatning, det er det Landbruksdirektoratet eller fylkesmannen som gjer.