Prøver ut: Mathias Lehrmann t.v. og Thomas Tichelkamp studerer biokol frå ulike brenningar, for å finne beste metoden. Sogn Jord- og hagebruksskule vil nytta biokol som jordforbetring og klimatiltak.

Biokol har vore brukt som jordforbetring i fleire tusen år. Karbonet det lagrar, kan også bidra til å bremse global oppvarming.

Anne Rivenes, frilansjournalist

I bygda Aurland inst i Sognefjorden er det streng vinterkulde, men i botnen på den såkalla Kon-Tiki-kjelen skal det bli glødande varmt. Ved 400-600 grader vert simpelt trevirke omdanna til verdfullt biokol.

– Me er i startfasen og prøver oss fram når det gjeld kvaliteten på kolet, arbeidsflyten og rette metodane, seier Thomas Tichelkamp, gardsarbeidar med doktorgrad i kjemi.

– Me har fyrt opp kvar veke, og kjem til å gjera det regelmessig framover.

Ved Sogn Jord- og hagebruksskule i Aurland er det ikkje motsetnad mellom teoretisk kunnskap på høgt nivå og fysisk arbeid med berre nevane. Tvert om, å forstå og jobba på lag med naturen sine eigne prosessar, er to sider av same sak.

Frå avfall til ressurs

Thomas passar varmen og diskuterer metodar og kolkvalitetar med faglærar Mathias Lehrmann, som stikk nedom biokol-omnen i pausen mellom undervisningstimane.

– Framtidas landbruk krev mykje kunnskap om biologi og kjemi. Mikronæringsstoffa si tyding har landbruket alt byrja bli meir oppteke av. Det er paradigmeskifte, meiner Mathias Lehrmann.

Thomas fyller på med trevirket frå mottaket der skulen tek imot avfall frå kommunen, private hagar, entreprenørar, og hogst og linjerydding. Avfallet blir sortert, slik at lauvtre og ferskt virke blir kverna opp og lagt saman med plenklypp/ lauv, matavfall og gjødsel i komposten, og omdanna til næringsrik jord. Bartre, avkapp og gamalt, grovt trevirke hamnar i Kon-Tiki-omnen. Der blir avfallsressursane forvandla til jordforbetrande biokol.

– Tre består av karbon, oksygen og hydrogen. Ved sterk varme vil trevirke brytast opp og skilje ut gassar, blant anna vassdamp. Det som blir att når prosessen er vellukka, er stort sett karbon i fast form, forklarer Thomas.

Brenning, herding og lading

Forbrenninga må skje med lite oksygen, elles står ein att med berre kvit oske. Omnen Kon-Tiki er utforma slik at den forkolar materialet ved svært høg temperatur og låg oksygentilgang. Ein fyller på omnen ovanfrå. I botnen er det lite oksygen og høg temperatur, ein stad mellom 400 og 600 grader. Kunsten er å vite kor ofte og kor mykje ein skal fylle på meir trevirke. Det skal ikkje vere for lang forbrenning, og sløkkinga føregår med vasstilførsel nedanfrå.

Karbonskjelett: Under pyrolyse gjennomgår karbonet i biomassen endringar på molekylært nivå, noko som fører til at biokol blir svært motstandsdyktig mot biologisk nedbryting, forklarer NIBIO. Biokol i jorda kan bli liggjande i fleire hundre år, som eit batteri med karbon og næring.

– Prosessen med å lage biokol er tredelt, forklarer Mathias Lehrmann.

– Forbrenninga kallar me pyrolyse, som er første del. Andre del er sløkkinga, ein vulkaniseringsprosess der kolet utvidar seg. Tredje del er lading, og det er det som gjer kol til biokol.
Under ladinga må ein blande kolet med noko som er næringsrikt. Viss biokol vert brukt åleine, har det tvert om ein veksthemmande effekt, ved å trekke til seg næringsstoff. Gjennom god lading verkar biokolet som eit batteri, med mykje tilgjengeleg næring.

Gøymestad for mikroliv

I Aurland vil dei blande biokol i gjødselkjellaren, for å få meir homogen og betre gjødsel. Biokol skal også blandast inn i komposten og i plantejorda. Når dei små oppalsplantene vert planta ut, tilfører dei åkeren karbonhaldig og næringsrik jord.

– Biokol har høg spesifikk overflate. Eitt gram kol kan ha ei overflate på utrulege 300 m2. Alle groper og porer i biokolet er god gøymestad for alt mikroliv, seier Mathias.

Biokol har effekt berre saman med fotosyntesen til plantar. Firmaet God Jord samanliknar fotosyntese og biokol med pengar og banksystem. Fotosyntese er pengeomsetninga og biokolet er sparekontoen. Plantene gjer jobben med CO2- opptak, og biokolet stabiliserer og lagrar karbonet.

Finkverna: Biokolet vert finkverna før det vert tilført gjødsel, kompost eller plantejord

Klimavinst på kvar gard

Biokol brukt på rette måten aukar humusdanning, næringsopptak og vasslagringsevne, og gjev betre jordhelse og jordfruktbarheit. Karbonfangsten kjem i tillegg som ein bonus for klimaet.

– Jordfruktbarheit og klimatiltak, det er vinn-vinn. Det er ei positiv forteljing, at jordbruket skal berga verda sitt klima. Regenerativt landbruk er brubyggjar mellom konvensjonelt og økologisk landbruk. Me er alle opptekne av betre jord og betre avlingar, seier Mathias Lehrmann.

Brenning av biokol er ein lågteknologisk prosess som einkvar gard kan utføra. Det har alt vore bondebesøk frå Hallingdal til Sogn, for å studere Kontikien i aksjon. Biokol-forsøka har utspring i skulen sitt jordfruktbarheitsprosjekt, men er no ei eiga satsing saman med Aurland kommune.

Stikkord denne saka: