Manglar kollega: Olaus Kvål, dagleg leiar ved Stamsædgarden på Klepp, er på jakt etter ny fjøsmeister. – Dette er meir enn ein jobb, det er ein livsstil, seier han om stillinga.

I meir enn 40 år har Stamsædgarden på Klepp vore utgangspunktet for kraftfôrutviklinga i Felleskjøpet Rogaland Agder. No treng dei ny fjøsmeister.

Jane Brit Sande

– Velkommen til gards, smiler Olaus Kvål, dagleg leiar ved Stamsædgarden på Klepp.
Kvål har vore tilsett på Stamsædgarden i 42 år. Han var med og la elementa i fjøset då det blei bygd, og han var med då dei første forsøksprøvane blei sendt frå garden.
– Her gjer me forsøk for å finna best kvalitet på kraftfôr og for å finna ut kva som kan vere mest lønsamt for bøndene. Det som er god vare, blir seld frå kraftfôrfabrikken, seier Kvål.
På garden er det ein mjølkekvote på 330 tonn, samt slaktegrisproduksjon med 128 gris per innsett, tre innsett i året. All aktivitet i fjøset er knytt til forsøk for Felleskjøpet Fôrutvikling. Det er blitt gjort forsøk på Stamsædgarden sidan 1978. Det starta så smått med forsøk på gris på bestilling frå Norske Felleskjøp. Etter kvart kjørte dei forsøk på ku også. Sidan starten av 1990-talet har Stamsædgarden hatt fast avtale med FK Fôrutvikling.

Meir enn forsøk og fjøs

Det er ikkje berre kornmottak og fjøsstell som fyller dagane på Stamsædgarden. NRK-programmet Superbonden var innspelt på garden, og når Bondevennen er på besøk startar førebuingane til innspelinga av ein reklamefilm. Kvart år arrangerer dei grasdemo, i år kom det meir enn 350 skodelystne, og i tillegg arrangerer Stamsædgarden forskjellege kurs.

Ansvar for drift i fjøs: Fjøsmeisteren har ansvar for dagleg drift i fjøset, og for å legga til rette for forsøksverksemda.

Jakta på ein kollega

Kvål er på jakt etter ein ny kollega. Noverande fjøsmeister skal over i ny stilling i FKRA, og må erstattast. Ein skulle tru det var enkelt, å finna ein person som vil arbeida som bonde, midt i matfatet Jæren.
– Me må ut med ny stillingsutlysing, og håpar me får tak i riktig person denne omgang, seier Kvål.
Ein fjøsmeister har ansvar for dagleg drift i fjøs og for å legga til rette for forsøksverksemda. Dei er fire fast tilsette på garden, og alle bur på garden. Ein ny fjøsmeister må innrette seg etter dette.
– Når me arbeider med levande dyr, kan me ikkje låsa døra og koma tilbake først dagen etter, seier Kvål.
– Dette er meir enn ein jobb. Det er ein livsstil, slå han fast.
Stillinga som fjøsmeister er altså open for interesserte. Kvål veit kva kvalitetar han vil at ein kollega skal ha.
– Det må vere ein person som er interessert i og likar å arbeide med husdyr, som arbeider sjølvstendig, og som ikkje er redd for å ta avgjersler aleine. Jordbruksskulen, eller arbeidserfaring som tilsvara dette, er eit minimumskrav. Me må ha nokon med ballast, seier han.