• Spenning og forventning i forkant av geitemønstringa for barn og ungdom. Både Marit, Tårån og geita Sela er pynta og klar for mønstring. Sela høyrer til hjå Jon T. Aarbakk. Ho har ein indeks på 111. Far er 2010373. Sela fekk 8 poeng for kropp og bein, og 6 poeng for jur og spenar.

 

Geitemønstringa var prega av stil og kontroll.  I geitetevlinga var det geitene Kaisa, frå Kåre Veslestaul, som fekk Dyrskuprisen, og  Rosa, frå Hege Gonsholt og Jon Olav Hauge, som fekk høgast poengsum.

Liv Kristin Sola

I mønstringsklassen var det somme av deltakarane som viste fram triks dei hadde lært geita si. Dei som hadde trena geita si til å sjarmera publikum med ulike små triks, fekk full uttelling. Både dommaren og publikum lot seg imponera.

Øsmon og Jørgen utmerka seg litt ekstra

Etter ei vanskeleg vurdering, fann dommaren fram til to av mønstrarane, ein av yngste og ein av dei eldste, som fekk ei ekstra utmerking.

Blant dei yngste var det Øsmon Aarbakk på ni år som trakk det lengste strået. Han har gitt geita si namnet Surri, fordi ho surrar så mykje. Surri er ei nyfiken damen, som ikkje var interessert å stå i ro så lenge om gongen.

Blant dei eldste mønstrarane var det Jørgen Hauge på 15 år, som utmerka seg. Fleire av dei eldste gutane hadde geiter som reiste seg opp på to for å få tak i blad frå kvisten som dei vart freista med.

Kaisa fekk Dyrskuprisen

Geita Kaisa, til Sakarias og familien Veslestaul, gjekk heilt til topps og fekk tildelt Dyrskuprisen 2015. Far er 2012160. Kaisa har 109 i indeks, og fekk 9 poeng for kropp og bein, og 8 poeng for jur og spenar.

Rosa med dagens høgaste poengsum

Geita Rosa frå besetninga til Hege Gonsholt og Jon Olav Hauge, fekk dagens høgaste totale poengsum. Rosa har 123 i indeks, og fekk 8 poeng for kropp og bein, og 8 poeng for jur. Far er 2010365.

 

Stikkord denne saka: , ,