Ambassadørar les Bondevennen: Kazakhstans mann i Noreg, og på Jæren, Kairat Abusseitov.

Ambassadørar les Bondevennen: Kazakhstans mann i Noreg, og på Jæren, Kairat Abusseitov.

Kan Kazakhstan, verdas niande største land, læra noko av landbruksminiputten Noreg? Ja, ifølgje Kazakhstans ambassadør til Noreg Kairat Abusseitov.

Bothild Åslaugsdotter Nordsletten

Kazakhstans ambassadør, som vanlegvis har sitt virke i Oslo, vitja i førre veke Jæren. Der besøkte han maskinfabrikken Kverneland Group, Miljøgartneriet i Hå og Grødaland biogass-anlegg.
– Kva var målet med turen til Jæren?
– Jæren er eit av dei viktigste landbruksområda i Noreg. Her er verdskjente landbruksselskap og grønnsaksprodusentar, og ikkje minst mange familieføretak. Eg ville danna meg mitt eige inntrykk og etablere forretningsforbindingar for å utvida landbrukssamarbeidet mellom landa våre.
– Kva har gjort mest inntrykk?
– Det imponerer meg å sjå korleis innovasjon vert nytta i ulike ledd av produksjonen, frå råvarer til kontrollsystem, bruken av informasjonsteknologi, fornybar energi, samt det høge produktivitetsnivået. Her er dei også dyktige til å utnytta dei økonomiske og klimatiske forholda i regionen.
– Kva kan Kazakhstan, verdas sjette største korneksportør, læra av eit lite land som Noreg?
– Noreg ligg langt framme på grøn energi, forsking og teknologibruk i landbrukssektoren. Kombinasjonen av norsk avansert teknologi med våre ressursar kan bidra til å heve jordbruksproduksjonen i Kazakhstan til eit kvalitativt nytt nivå. Slik kan me på sikt produsera og tilby ei mengd produkt med høg kvalitet «Made in Kazakhstan»
– Du verkar engasjert. Har du sjølv landbruksfagleg bakgrunn?
– Nei, men eg skreiv Phd-oppgåva mi ved Statsuniversitetet i Moskva om den partipolitiske konflikten om landbrukslovgjevinga under Nixon, svarar ambassadør Abusseitov.