Push’ar: – Vår jobb nå er å pusha regjeringa til å få lagt fram ein proposisjon eller melding til stortinget. Det er først då denne prosessen kjem til å gå vidare. Før det, står den fullstendig stille, seier leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming. I bakgrunnen resten av leiartrioen, Egil Chr. Hoen og Bodhild Fjelltveit. Foto: Norges Bondelag

Gimming: – Noko eige opptrappingsdokument blir det ikkje

4. september 2023

Arbeidet med nytt talgrunnlag og opptrappingsplan har engasjert heile grasrota i Bondelaget. Gjennom årsmøtet i juni fekk medlemmane forsikringar om at styrets arbeid med eigen opptrappingsplan var i gang.
– Dei misforstod, hevdar bondelagsleiar Bjørn Gimming nå, og vedgår at ei handfull bondelagstoppar på førehand hadde justert kursen og konkludert med eit ni-punkts «kunnskapsgrunnlag» i staden for.

Bothild Å. Nordsletten

«Fullt fokus» på talgrunnlag og opptrappingsplan. Det er forsikringa frå styret i Norges Bondelag i det digitale medlemsbrevet sist fredag. Men berre dagar i forvegen skriv leiar Bjørn Gimming følgjande til utolmodige tillitsvalde på den lukka facebook-sida Bondelagsgarderoben:

«Vi har levert vårt høringssvar på Grytten-rapporten i januar og det er det eneste budskapet vi har til regjeringen på den saken. Det er ikke noe nytt arbeid på gang i bondelaget, ikke noe utvalg eller andre prosesser i om det faglige i saken. Tvert imot, vi kommer ikke til å sette i gang noe slikt arbeid. Høringssvaret er det eneste vi mener om tallgrunnlaget.»

Og vidare:

«Det er ingen tvil om at det er opp til regjeringen å legge fram et forslag om opptrappingsplan og nytt tallgrunnlag for Stortinget. Før de gjør det er det lite for oss å ta tak i. Ballen ligger nå hos regjeringen, og sånn jeg leser bildet vil de legge fram en sak for Stortinget innen rimelig tid.»

Køyrer debatt: Jørund Kvaale Hansen i Agder Bondelag meiner sentralstyret skulle vore meir frampå i spørsmålet om nytt talgrunnlag og opptrappingsvedtak.

Forventing og forvirring
 «Fullt fokus» – eller «lite å ta tak i»? Forventingane til korleis NB jobbar, og bør jobba, med nytt talgrunnlag og opptrappingsvedtak, sprikar internt.

Styremedlem i Agder Bondelag og leiar i lokallaget i Bygland er blant dei med høge forventingar. I førre veke publiserte han eit innlegg på eiga Facebook-side der han hevdar at sentralstyret korkje jobbar med nytt talgrunnlag eller opptrappingsvedtak. Innlegget har skapt debatt.

Bondevennen har sett nøyare på påstandane og snakka med fleire medlemmar som tilsvarande etterlyser høgare ambisjonsnivå frå styret si side. Dei meiner det er viktig at NB tar initiativ – og definisjonsmakta over sentrale omgrep, og legg premiss for prosessen fram mot nytt talgrunnlag og opptrappingsplan.

Vidare hevdar dei at kommunikasjonen frå bondelagsstyret har skapt ei forventing i medlemsmassen om eit offensivt faglag, og viser til fleire døme:

– I ei nettsak på fylkeslaget i Agder sine sider etter årsmøtet i juni 2022, er Bjørn Gimming sitert med følgjande uttale om opptrappingsvedtaket: «En av de viktigste sakene vi jobber med».

– NB etablerer ei prosjektgruppe med namn #Inntektsløft, leia av assisterande næringspolitisk sjef Simen Solbakken.

– Nytt talgrunnlag og opptrappingsvedtak står også oppført som ei oppgåve i organisasjonens arbeidsplan Årshjulet, i 2022. I følgje denne planen skal styret i desember 2022 fatta vedtak på innspel både til talgrunnlag og opptrappingsplan. I februar/mars 2023 skal Bondelaget senda ei sak til Stortinget om nytt inntektsmål/opptrappingsplan. Dette skjer ikkje, men etterlet ei forventing av at det blir arbeidd med eit eige opptrappingsdokument.

– Også debatten under Bondetinget/årsmøtet i juni i år, styrkar mange si forståing av eit faglag som jobbar aktivt med talgrunnlag og opptrappingsplan. Valet av Sven Martin Håland som 2.vara til styret, vert også oppfatta som ei stadfesting av at arbeidet med nytt talgrunnlag skal styrkast. Håland er generelt akseptert som ein kapasitet på feltet.

Garderobeprat
På andre sida av sommaren, i førre veke, etterlyser fleire tillitsvalde status for framdrifta, i Bondelagsgarderoben. 150 tillitsvalde har innpass i gruppa. Tysdag 29.august avkreftar Gimming at det skjer noko, utover høyringssvaret til Grytten-rapporten sendt i januar, ref. sitat i innleiinga.

«Når me då har levert, så er vårt standpunkt på talgrunnlaget avgjort.»

Bjørn Gimming

Ei misforståing

Dagen etter, i «Bjørns time», eit fast nettmøte mellom leiing og tillitsvalde, vert Gimming spurt om å oppklara. Fleire er overraska over det dei oppfattar som ei kursendring frå bondelagsleiinga si side; frå aktivt arbeid, til ei vente-og-sjå-haldning. Gimming svarer her at førestillinga om at ein skulle levera noko utover uttalen til Grytten-høyringa 16.januar, var «ei misforståing».

Så, i eit nytt innlegg på Bondelagsgarderoben torsdag 31.august, etter å igjen å ha stadfesta at Bondelaget ikkje skal føreta seg noko utover å «bruke alle ressurser i organisasjonen og enhver anledning til å etterlyse planen og tallgrunnlaget», skriv Gimming:

«Uansett er det ingen hemmelighet at styret også har justert strategien etter hvert som regjeringens arbeid har strukket ut i tid. (…) Vi kunne helt sikkert ha vært tydeligere på at strategien ble endret underveis.»»

– Pushar regjeringa
Bondevennen tar kontakt med Bjørn Gimming måndag 4.september.

På spørsmål om kva styret gjer vedrørande nytt talgrunnlag og opptrappingsvedtak, fortel Gimming om eit grundig arbeid internt med å svara ut Grytten-utvalet sin rapport, og om korleis NB avviste framlegget til den såkalla hybridmodellen som grunnlag for utrekning av inntekt.

– Når me då har levert, så er vårt standpunkt på talgrunnlaget avgjort, seier Gimming.

– Så jobbar me basert på dette opp mot Storting og regjering for at dei skal nærma seg bondelagets standpunkt. Me startar ikkje opp eit nytt arbeid. Det har ikkje skjedd noko nytt sidan 16.januar som tilseier at me skal starta ny prosess. Det er ikkje det at me ikkje har gjort noko etter januar. Me jobbar for at vårt standpunkt skal bli det regjeringa legg fram.

«Kommunikasjonen vår i medlemsposten treff kanskje ikkje heilt mål.»

Bjørn Gimming

– Korleis, konkret?

– I direkte kontakt mot partia og leiinga i Landbruks- og matdepartementet. I tillegg har eg snakka på inn- og utpust til regjeringa om at dei må sjå å få levert ein opptrappingsplan basert på nytt talgrunnlag til Stortinget. Så er det nok ingen tvil om bondelaget si fullstendige avvising av hybridmodellen, bidrog til at prosessen har stoppa opp i regjeringa. Når NB er så tydelege på ei sånn sak, har det openbert stor betydning. Det har forsinka prosessen vidare, det er eg sikker på. Grytten-utvalet hadde ingen annan modell. Dei står eigentleg litt på bar bakke, når me totalt avviste hybrid-modellen.

Justerte kursen

– Under nettmøtet «Bjørns time» i førre veke sa du at medlemmane har «misforstått» når dei forventar at NB jobbar med eit eige opptrappingsdokument, i tillegg til uttalen til Grytten-rapporten? Har dei det?

– Ja, det endra seg undervegs i prosessen.

– Er endringa reflektert i noko referat? Og kven endra?

– Det var arbeidsutvalet i NB som var styringsgruppe for prosjektet #Inntektsløft. Undervegs i den prosessen bestemte me oss for at det ikkje blir noko konkret opptrappingsplan frå Bondelaget.

– Kva tid bestemte de dykk for det?

– Det endelege avgjerda vart tatt i mai.

– Før årsmøtet?

– Ja, før årsmøtet. For arbeidet endra karakter undervegs. Den opphaveleg planen var jo at me skulle ha moment til ein opptrappingsplan klar til når regjeringa la fram sin opptrappingsplan, som jo skulle blitt gjort ein gong i 2022. Men planen til regjeringa har blitt utsett fleire gonger. Då har også me endra vår eigen plan for inntektsløft.

«Nå må heile organisasjonen jobba for at regjeringa får ut fingeren.»

Bjørn Gimming

Ni punkt
Undervegs i prosjekt #Inntektsløft, vart det klart at mykje av det som burde vera element i eit inntektsløft og opptrapping var kunnskap som alt var godt greidd ut, seier Gimming.

Så prosjektet #inntektsløft har oppsummert det me meiner er viktige moment i ein opptrappingsplan i eit ni-punkts-dokument som vart sendt til organisasjonen for innspel, og konkludert som «kunnskapsgrunnlag» for opptrapping. Dette vart kommunisert ut til organisasjonen 31.mai. Noko eige opptrappingsdokument blir det ikkje.

– Også under årsmøtet i juni var oppfattinga blant dei Bondevennen har snakka med at Bondelaget skulle arbeida aktivt med opptrapping og talgrunnlag. Misforstod dei?

Det kan jo henda. Det er mogleg dei legg noko anna i dette, enn det det er. Frå talarstolen sa eg at nå må regjeringa få ut fingeren når det gjeld opptrappingsplan. Og når eg og andre i leiinga seier at det blir jobba med talgrunnlag og opptrappingsplan, så handlar det om å få regjeringa til å leggja fram ei sak for stortinget. Ikkje eit nytt, internt bondelagsarbeid. Regjeringa veit kva me meiner. Nå må heile organisasjonen jobba for at regjeringa får ut fingeren.

– Du seier i Bondelagsgarderoben at «det er lite for oss å ta tak i. Ballen ligger nå hos regjeringen». Ville dette også vore strategien dykkar også med ei blå-blå regjering?

Kommunikasjonen vår i medlemsposten treff kanskje ikkje heilt mål, svarer Gimming.

Eg møter synspunkt på at NB skal legga fram ein opptrappingsplan, men den har jo ingen funksjon, dersom ikkje regjeringa legg fram noko. Eg ser fram til ein politisk debatt rundt talgrunnlag og opptrappingsplan. Men det kjem ingen slik prosess i stortinget, dersom ikkje regjeringa sjølv får lagt fram ei slik sak. Vår jobb nå er å pusha regjeringa til å få lagt fram ein proposisjon eller melding til stortinget. Det er først då denne prosessen kjem til å gå vidare. Før det, står den fullstendig stille.

– Er medlemmane sine forventingar til ei offensivt bondelagsleiing urealistiske?

Offensiviteten må jo handla om å pusha regjeringa til å få lagt fram ei sak. Lukkast me ikkje med det, har me ei stor utfordring.

Talknusar: Då Sven Martin Håland vart vald inn i styret i Bondelaget, var det mange som forventa at han ville bidra med si breitt anerkjende kompetanse på talgrunnlaget.

Andre vara
– Sven Martin Håland som vart vald inn som 2.vara under årsmøtet, er av mange omtalt som ein ressurs på nytt talgrunnlag. I kva grad spelar han ei rolle i dette arbeidet nå?

– Sven Martin må delta i denne jobben på lik linje med alle andre tillitsvalde. Elles er han andre vara til styret, og blir brukt i tråd med kva andre vara normalt sett har for rolle i styret.

– Kva betyr det? Blir han brukt som ein kapasitet på talgrunnlaget, eller …som andre vara, som ikkje høyrest å veldig involvert ut? 

– Me har dialog med Sven Martin, men ein andre vara får ikkje oppgåver som naturleg blir tillagt faste styremedlemmer.

Småbrukarlaget med rapport
Norsk Bonde- og Småbrukarlag kjem snart med ein rapport frå det velrenommerte analysebyrået Menon Economics, som truleg tar eit kritisk blikk på talgrunnlaget, slik det kom fram i Grytten-rapporten.

– Du er ikkje redd for at Småbrukarlaget gjer NB heilt irrelevante, ved å framstå som styrande for arbeidet og debatten om bøndenes inntektsgrunnlag?

– Det vil jo ha ein viss interesse, kva Menon kjem fram til. Men nei, vår oppgåve er opp mot styresmaktene for å få mest mogleg gjennomslag for vårt høyringssvar. Så veit ikkje er om NBS når dei nå lang, lang tid etter sitt høyringssvar til Grytten, vil bruke Menon til å justera sitt høyringssvar. Uansett er det regjeringa som må legga fram ei sak for Stortinget. Og dei har per nå eit kunnskapsgrunnlag i Grytten-rapporten. Og ei lang, lang rekke høyringssvar.

Intern diskusjon: Skjermdump som Bondevennen har fått sjå frå den interne bondelagssida på Facebook «Bondelagsgarderoben», der om lag 150 tillitsvalde i Bondelaget har tilgang.