Bilde av gråtass

Kvar traktor krev hundrevis av arbeidstimar, seier Gråtass-entusiast Jørgen Abelsnes.

 

Har du ein utkøyrd Gråtass på låven? Hjå Bryne Bil på Jæren får han flunkande nytt liv.

Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, Bondevennen

Jørgen Abelsnes vrir om nøkkelen på Gråtassen utanfor verkstaden sin på Håland. Motoren mæl som ein katt. Sola gneistrar i det blankpolerte panseret. Jørgen smilar. – Kjærleik og lidenskap er ikkje for sterke ord når det kjem til Gråtassen, slår han fast.

Jørgen, som driv Bryne Bil i lag med faren Andreas og broren Morten, brukte vinteren på å pussa opp sin eigen Gråtass. Lite ante han om at det snart skulle bli god butikk. Det tok ikkje lang tid før dei første entusiastane meldte seg i garasjeporten. Sidan har den eine Gråtass-eigaren etter den andre kome rullande med pensjonerte eksemplar, som treng ei overhaling.

Den vesle traktoren av typen TE20 med kraftig trepunktsløft og bensinmotor på 20 hk frå den engelske produsenten Ferguson tok over for hesten og  revolusjonerte norsk landbruk rett etter andre verdskrigen og fram til slutten av 50-talet. Somme betalte opp mot ti tusen kroner for mirakelet, om lag hundre tusenkroner i dagens verdi.

– Mange har ein gamal Gråtass ståande på garden. Dei kjenner heile historia til køyretyet. Den har blitt eit familieklenodium, fortel Jørgen.

Auge for detaljar

Når ein sliten Gråtass skal under skiftenøkkelen på Bryne Bil blir ingenting overlatt til tilfellet. Jørgen har vore rundt på gardane og studert både gamle Gråtass-eksemplar og gulna instruksjonsbrosjyrar. Alt som er gåent blir skifta ut med nye delar. Det finns ein velassortert marknad for Gråtass-delar på nettet. Norsk ekstrautstyr, som til dømes «grillen»?, som blei produsert av Kvernelands Fabrikk AS, blir påmontert i korrekt grøn-farge med spesialtrykka firmaklistremerke, heilt lik originalen. Fattigmannskasse, trekassa som vart påmontert bak for frakt av mellom anna kvinnfolk og barn, er også å få. Sjølv dei engelske klistremerka med åtvaringar om lågt oljenivå, skin som nye.

Tidkrevjande og kostbart

– Kvar traktor krev hundrevis av arbeidstimar, men konstruksjonen er enkel og eg tykkjer dette er veldig kjekt, seier Jørgen.

Gratis er det heller ikkje å reparere ein gamal traktor.

– Nokre folk betalar gjerne over 100.000 kroner for jobben, avslørar Jørgen. – Men så blir jo også resultatet ein Gråtass, så god som ny!

Dagens jærske landbruk er kjenneteikna av høgteknologi og effektivitet. Samstundes opplever det lokale Gråtasslauget god medlemsvekst. Korleis forklarar ein jærbuen sin fascinasjon for eit utdatert køyrety med maksfart på 30 km/t?

– Folk likar jo å ha noko fint å kvila auge på, slår Jørgen fast, og kastar eit stolt blikk bort på det nyoppussa, grå gliset.

 

  • Splitter ny Fattigmannskasse på plass.