Full konsentrasjon. Gjetarhunden KID handlar på instinkt og kommando

Full konsentrasjon. Gjetarhunden KID handlar på instinkt og kommando

Det er ikkje tilfeldig at Hå gjetarhundnemnd, 15. august, er vertskap for Fylkesmeisterskapet for Rogaland i bruk av gjetarhund.

– Me har eit vanvitig godt miljø i laget, fortel Tore Mattingsdal, som er leiar i Hå gjetarhundnemnd. Han bur i Matningsdal ved Brusand.

– Her har me eit flott miljø, på tvers av generasjonane, og viljen til dugnad sit laust. Det gode miljøet og den positive viljen til å hjelpe kvarandre er drivkrafta, seier nemndleiaren.

 Sauebonde

Tore har 270 vinterfôra sauer, fordelt på rasane NKS, spelsau og svartfjes (lyngfår). Halve flokken går heime om sommaren, resten blir sendt til heis i Setesdalen. Sauene går i Langeid- og Heglandsheia der faren, Karl Martin Mattingsdal, er heiesjef.

 Gull verdt

– Måtte eg velje mellom å selje gjetarhunden eller traktoren hadde eg valt å behalde hunden. Hadde KID som nå er 10 år, vore to år, kunne eg lagt 200.000 kroner på bordet for den, spissformulerer Tore.

 Samspelet

– Kva meiner du med samspelet?

– Skal ein gjetarhund fungere, må ein ha det rette samspelet mellom hunden, sauene og mennesket (herren). Dette er eit trekantforhold, der alle dei tre involverte partane må kjenne kvarandre sitt kroppsspråk. Det handlar om overblikk og samspel. Hunden styrer ut frå reaksjonen til sauene og herren.

 – Korleis legg du opp treninga?

– Eg har eit plan og eit mål for kvar trening. Om oppgåva er skjerming og driving kjører eg berre på det. Treninga kan vare fem minutt eller ein time. Det viktige er å avslutte når eg kan gi tilbakemelding til hunden om at den har lukkast.

Sjå video der Tore Mattingsdal og border collien KID viser oss samspelet mellom hund, sauene og mennesket.

 

Stikkord denne saka: ,