Nedtrapping: Rogaland Bondelag føreslår ai gradvis nedtrapping av tilført fosfor per dekar. Frå 3,4 kilo når regelverket trer i kraft, til 3,2 kilo etter 4 år og 3 kilo etter 8 år. Foto: Thea Hjertuslot. 

lesarbrev:

Gjødselvareføreskrifta: Rogaland treng tid til omstilling

10. juni 2024 | Aktuelt

Landbruket i Rogaland har gjort eit viktig arbeid med faggrunnlaget til nytt gjødselregelverk som nå er på høyring. Fagrapporten dokumenterer avlingsmengde, fosforinnhold i gjødsel og avling og syner kor mange bønder som vert råka av strengare krav til spreieareal.

På vegne av styret i Rogaland Bondelag, styreleiar Ståle Hustoft

​Fylkesstyret har i sitt høyringsinnspel til Norges Bondelag og til Landbruks- og matdepartementet støtta seg på fagpersonar, fagrapporten, innspel på høyringsmøter og innspel frå lokallaga. Ei særleg takk til Jørn Viste som har delteke i arbeid med fagrapporten og bistått fylkeslaget med faglege innspel i høyringssvaret. Heile høyringssvaret finn du på heimesida vår.

Landbruket treng tid til omstilling og me byrjar snart å samla opp gjødsel som skal spreiast i vekstsesongen 2025. Difor må me få eit omstillingsår frå nytt regelverk vert vedtatt til nye grenseverdiar for fosfor trer i kraft. Som vist i faggrunnlaget kan me tola ned til 3,0 kg fosfor per dekar, utan kortsiktig tap av avling. På sikt kan også 3,0 kg/daa verta begrensande for avlingsnivået. Me bed om at nedtrappinga for Rogaland vert sett slik:

Når regelverket trer i kraft: 3,4 kg fosfor/dekar
Etter 4 år: 3,2 kg fosfor/dekar
Etter 8 år: 3,0 kg fosfor/dekar

Det er eit mål at flest mogleg bønder skal tilpassa seg standard grenseverdier for gjødselmengde. Difor treng me tid til omstilling. Me meiner at bonden sjølv kan gjødsla opptil 30 % meir på enkelte skifter, så lenge samla gjødselbruk på garden ikkje er over grenseverdien. Det gir rom for å tilføra gjødselmengde etter forventa avling, noko som igjen kan gje mindre miljøpåvirkning.

Ståle Hustoft

Det er positivt med eit høve til dokumentert balansegjødsling over gjeldande grenseverdi. Me ser likevel utfordringar med det foreslåtte næringsstoffrekneskapet der ein skal ha eit ein-til-ein-forhold mellom tilført og bortført fosfor. I høyringssvaret  peikar me på eit hybrid næringsstoffrekneskap som i større grad stimulerer til å gjera grep på den enkelte gard.

No skal me fylgja arbeidet videre og få politikerane til å forstå at det er mogleg å levera auka sjølvforsyning utan stor belastning på natur og miljø. Nøkkelen er økonomisk og agronomisk god utnytting av næringsstoffa -eit arbeid rogalandsbonden vore ein spydspiss for i mange år.