bv02_aktuelt1b

– Det var stor stas å få denne prisen. Me er overraska, glad og stolte, sa Bente og Knut Helmer Feltstykket om «Mi har det greit»-prisen.

Komiteen rundlurte ein av sine eigne, då «Mi har det greit»-prisen vart utdelt.

 

Liv Kristin Sola
Jane Brit Sande

– Tanken slo meg aldri. Me vart ordentlig tatt på senga. Eg hadde jo vore med og kåra ein annan vinnar. Det demra litt for meg då eg høyrde reaksjonen i salen og folk kikka på Bente, sa Knut Helmer Feltstykket, etter han mottok prisen.
Knut Helmer og kona Bente var årets vinnarar av «Mi har det greit»-prisen.

Tradisjon med ein vri

«Mi har det greit»-prisen er blitt ein årleg tradisjon, med prisutdeling under Sørlandssamlinga. Det er knyta ære og stoltheit til prisen. Prisvinnarane er bønder som driv landbruksproduksjon med glede og optimisme. Årets pris var ikkje eit unntak.
– Denne prisen går til bønder som driv gard med glede og tilfredsheit. Besøkande blir alltid godt motteke på garden. Dei er optimistiske kjøtprodusentar i Aust-Agder, og har fleire bein å stå på med foredling frå skog og arbeid med utmark. Dei har brukt fleire år på å bygga opp garden. Gjennom sitt arbeid og virke, profilerer dei næringa på ein god måte, sa Torleiv Roland, då han leste opp juryens begrunnelse.
Knut Helmer pakka opp biletet utan sjølv å sjå på det, og viste det fram for publikum. Som medlem i komiteen visste han godt kven som var vinnaren – trudde han. Truleg var han den siste som oppfatta at det var han og kona som vann denne populære prisen.
– Det var ingen enkel jobb for komiteen og halde dette hemmeleg, fortel Harald Støyl, FKRA, muntert.
Juryen hadde i fellesskap utnemnt ein annan vinnar, men det heile var eit spel for galleriet.

Stor stas

– Me vart grundig lurt. Vinnaren vart presentert som kjøtprodusent, ikkje som grisebonde. Det er mange som produserer kjøt og driv skog på Sørlandet, seier Bente, som overraskande såg seg sjølv på biletet som vart vist fram.
Bente og Knut Helmer Feltstykket overtok heimegarden til Bente i 2002. Dei har full konsesjon på gris, i tillegg til skogsdrift og eige sagbruk. Knut Helmer har i tillegg nokre oppdrag knytt til saga, og brøyteoppdrag vinterstid. Bente er tilsett i tingretten i Arendal.
– Det var stor stas å få denne prisen. Me er overraska, glad og stolte. Svinemiljøet i Agder er ein samansveisa gjeng. Me er gode til å ha det gøy saman, understrekar ekteparet.
– Komiteen er veldig tilgitt, forsikrar Knut Helmer.

 

 

Stikkord denne saka: