F.v.: Konsernsjef i Nortura, Arne Kristian Kolberg, kornsernsjef i Prima Gruppen, Anbjørn Øglend, og styreleder i Nortura, Sveinung Svebestad, presenterte Nortura oppkjøpet i april i år.

F.v.: Konsernsjef i Nortura, Arne Kristian Kolberg, kornsernsjef i Prima Gruppen, Anbjørn
Øglend, og styreleder i Nortura, Sveinung Svebestad, presenterte Nortura oppkjøpet i
april i år.

Partane peikar på ein vinn– vinn situasjon og at avtalen gir styrka konkurransekraft for industri og bønder.

Eirik Stople
Onsdag 22. oktober kunngjorde Konkurransetilsynet at dei hadde godkjent Norturas kjøp av Prima Slakt AS, Jæren Eiendomsinvest AS og 49 prosent av aksjane i NorPri AS. Krav om justeringar frå Konkurransetilsynet gjer at prisen Nortura betaler til Prima Gruppen er redusert frå 600 til 514 millionar.
For å imøtekoma Konkurransetilsynets innvendingar, er opprinneleg avtale endra slik at Prima Gruppen AS held majoritetskontroll i nedskjeringsverksemda gjennom NorPri AS.
Godkjenninga føreset vidare at Nortura ikkje endrar avtalen om at Prima Kjøtt AS (sals selskapet til Prima) har rett og plikt til å kjøpe heilt slakt av dagens leverandørar til Prima Slakt AS, og frå nye leverandørar av Primas konseptproduksjon med inntil 20.000 tonn per år.
Vidare er det ein føresetnad at Nortura SA, inklusive dotterselskap, ikkje kjøper tilbake meir enn 35 prosent av Prima Kjøtt AS sitt årlege sal av stykket/skåren vare.

– For Nortura er avtalen mellom anna eit avgjerande grep for å kunne fase ut Forusanlegget og å bygge nytt og framtidsretta slakteri i Kvimarka i Hå kommune, fortel regionsjef i Nortura Vest, Torgeir Erfjord.
Konserndirektør i Primagruppa, Anbjørn Øglend, seier i ein kommentar til Bondevennen, at for Prima-Gruppen handlar avtalen om å skape mogelegheiter for framtida. Både Erfjord og Øglend gir gjensidig gode tilbakemeldingar om samarbeid og stå på vilje for å lukkast.

Slakteridrift og nybygg

Slakteridrifta i Prima sitt anlegg på Kvia blir nå lagt ned i påvente av bygging av nytt slakteri.
– Storfeslaktinga er overført til Eigersundanlegget og griseslaktinga blir overført til Forus i veke 47. Småfeslaktinga til Prima blei alt i haust, på leigebasis, lagt til anlegget på Forus. Slik vil vi straks ta ut økonomiske stordriftsfordeler og klargjere oss for utbygging på Kviamarka, forkarar Erfjord. Nortura planlegg for å ha nytt slakteri på Kviamarka, i første omgang for svin og småfe, innan 3-5 år.

– Planen er å bygge ut Prima sitt slakteri og knytte det saman med vårt eige fjørfeslakteri og eggpakkeri, seier Erfjord.
Med dette grepet blir anlegget i Eigersund styrka gjennom auka tilgang av storfe frå Primaprodusentar. Erfjord fortel at Nortura, i første omgang har eit 10-årsperspektiv, kanskje lengre, på slakteridrifta i Eigersund. Det er ikkje teke endeleg avgjersle om oppkjøpet får konsekvensar for Nortura sitt anlegg i Sandeid.
– Ei eventuell nedlegging av anlegget i Tønsberg, vil nå føre til auka storfetilgang til Sandeid frå Agder og Vest– Telemark, så Sandeid er ikkje råka av dette og vil bestå i mange år, fortel Erfjord.

Innovasjon og auka verdiskaping

– Heile grepet er innretta mot å styrka økonomien for dei som produserer kjøtt. Vi har fokus på rasjonell drift og å utnytte synergieffektar. Alle har, no som tidlegare, tilbod om medlemskap i Nortura, men det er ingen tvang i nokon retning. Avtalen handlar om konkurransekraft og å posisjonera seg for framtida. Produsentane blir fortløpande orienterte om praktiske forhold, strukturane for medlemskontakt er intakte både i Nortura og i Prima, understrekar Norturasjefen.
– Vi er svært tilfreds med at her er det to partar som løftar blikket i hop. Vi må tenke 10-15 år fram i tid. Korleis ser det ut då? Vi ser likt på kva som møter oss; aukande konkurranse frå utlandet. Det utfordrar kostnadssida. Dette er ei handling for å møta auka konkurranse med å redusere kostnader til slakt og foredling. Industrien og resten av verdikjeda må gjera seg meir konkurransedyktig, forklarer Øglend.
– Ei anna satsing er innovasjon og vidareføring av kvalitetskonsepta. Landbruket si overlevingsevne ligg i at forbrukaren vel norske varer. Vi søker heile tida å utvikle kvalitetspris med mogelegheit for å ta ut ein meirpris, understrekar Primagründeren. Øglend teiknar eit bilete der han samanliknar avtalen med ein flyplass som servar fleire flyselskap.
– Nortura eig flyplassen. Prima har ein avtale om å vera til stades, og vi skal gjera oss verdige til å vera på flyplassen gjennom vidare utvikling av verdikjeda, seier Øglend.

Konkurrerer på marknad og konsept

– Vi skal ikkje bare ta vare på, men vidareutvikle konsepttenkinga vår for å ta ut ein meirpris som kjem produsentane til gode, understrekar slakterileiarane. Ut mot sluttmarknaden er konkurransen den same som tidlegare. Fokus på produsent og forbrukar Både Øglend og Erfjord er klare på at kunden er sjefen. Vel vitande om trygg mat, lokal tilknytting og spesialkvalitetar opptar forbrukarane, er dette område som det er og vil bli stor merksemd på.
– Kunden er ballets dronning, uttrykker Øglend.
Elles gir dei ros til produsentane for å ha evne til å løfte blikket og ha forståing for den utvikling av verdikjeda dei er i.
– Avtalen er viktig for ein bransje som slit med dårleg inntening. Den gir mulegheit for å ta bort kostnader, avsluttar representantane for Nortura og Prima.