Arrangerer markdag: Frå venstre: Anders Wæraas Aune frå NLR, Truls Olve Terjesønn Hansen frå Kverneland saman med Therese Mæland og Mats Höglin frå NIBIO

Kva skjer eigentleg på grasfronten, og kva skjer under den tettpakka plogsolen når ein plog frå Kverneland med soleløysar påmontert plogskjæret blir sett i jorda?

Sjur Håland

Dette og meir til får du svar på under markdagen på Særheim 7. september klokka 12.00 – 15.00. Arrangementet er i regi av NIBIO, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Kverneland og Felleskjøpet Rogaland Agder.

Nye sortar

– Me skal visa kva som skjer på grasfronten på Særheim og ta opp aktuelle tema for denne sesongen, mellom anna utprøving av nye sortar, seier Therese Mæland, arbeidsleiar hjå NIBIO.
Felleskjøpet har eit direktesåingsfelt på Særheim som blir synt fram under markdagen, og såvaresjef Geir Paulsen blir med på dagen. Også NIBIO er opptekne av direktesåing av grasfrø. Anders Wæraas Aune frå NLR lovar at fôrdyrkarane på markdagen får sjå både gamle slagerar og nye vekstar.
– Nytt av året frå vår sider er blant anna eit felt med strandsvingel, kløver og luserne, fortel han.

Felt med 25 sortar

Blandingar der føremålet er å auka jorda si fruktbarheit, såkalla artssamansetnadsfelt, kan også studerast.
– Eine feltet har 25 ulike planteslag. Mest for gøy, men også for å syna kva som kan vera aktuelt for å auke fruktbarheita i jorda, dette er særleg aktuelt i jord som blir pløgd kvart år (eks. korn), forklarer arrangørane. Det blir satsa meir på grovfôrdyrking på Særheim, held NIBIO-forskar Mats Höglin fram.

Verktøy for i-såingseffekt

– Nett no er det direktesåing som får størst merksemd. NIBIO jobbar med å utvikla eit praktisk verktøy som måler plantebestanden der du med hjelp av eit bilete frå dronekamera eller eit anna digitalt kamera kan få svar på kor det er mest sannsynleg at du får utteljing for direktesåinga i grassvoren. Kverneland sin 2500 i-plog skal demonstrera korleis det er mogleg å bøta på jordpakkinga med å løysa opp under plogsolen.

Soleløysar. Foto: Truls Olve Terjesønn Hansen, Kverneland.

Løyser under plogsolen

– Soleløysaren er montert under plogskjeret og løyser jorda 10 centimeter under pløyesolen. Kombinert med planter med djupt rotsystem kan denne metoden gi langvarig positiv virkning på jorstrukturen, meiner Truls Olve Terjesønn Hansen frå Kverneland.
Soleløysaren som blir demonstrert kan nyttast på alle plogane til Kverneland. Hansen presiserer at soleløysaren berre gir effekt om han blir nytta under tørre forhold.