Travle dagar: – Det hjelper å ha ein mann som er arbeidsnarkoman, seier Ragna Lid og ler. Ho rekk å veksla nokre ord med husbonden Arnfinn Trøen. Grønsak- og bærsesongen vart uvanleg hektisk sidan tropevarmen også inntok Bergsdalen.

Grønsaker der ingen skulle tru

Grønsaker og bær er ikkje opplagte produksjonar i vinterparadiset Bergsdalen, men nett her prøver Ragna Lid og Arnfinn Trøen å snu ulemper til fortrinn.

Anne Rivenes, frilansjournalist Voss

I ein frodig fjelldal mange krappe svingar og seige høgdemeter opp frå industristaden Dale, ligg garden Lid i Bergsdalen. Her dyrkar Ragna Lid og Arnfinn Trøen grønsaker og bær, og dei er sikre på at lang veksetid gjev ekstra god smak.
Garden Lid har kyr i samdrift med eit nabobruk, men medan andre mjølkebønder ser fram til rolegare tider om sommaren, har Ragna og Arnfinn det ekstra travelt. Frå tidleg vår til sein haust er dei nemleg jordbær- og grønsakbønder i fjelldalen, der snøen slepp taket fleire veker seinare enn i låglandet. Men kanskje kan ulemper snuast til fortrinn?

Har sin eigen sesong

– Jordbæra våre kjem omtrent når andre avsluttar sin sesong. Det er ein fordel. Me har lite smitte og lite av gulrot- og kålrotfluger, og ingen brunsneglar har kome opp hit. Me er forsiktige med kva me kjøper inn, og me alar opp alle kålplanter sjølve, seier Ragna.

– Ein vanleg dag kan det vera fire-fem grader temperaturforskjell mellom Bergsdalen og nedi bygda. Det er positivt for grønsaker og bær som får lengre vekstsesong, og meir tid til å utvikle smak, seier Arnfinn. Han har så vidt tid til ein kort prat og bilde, før han køyrer vidare til leigejorda lenger oppe i dalen der dei fleste veksttunnelane ligg. Paret dyrkar 20 dekar jordbær, og til saman 2,5 dekar grønsaker og poteter. Fiberduk aukar veksten og vernar mot kål- og gulrotfluger.

Gardsfakta

Garden Lid ligg i Bergsdalen i Vaksdal kommune, Hordaland.

Ragna Lid og Arnfinn Trøen dyrkar grønsaker, poteter og jordbær.

I samdrift med ein nabogard, har dei 10-12 kyr som produserer 50-60.000 liter mjølk. Kvoten er dobbelt så stor, men mykje av arealet vert nytta til grønsaker og bær.

Garden har også 20 vinterfôra spelsau

Gjev arbeid til mange

Nede ved eigen gard dyrkar dei grønsaker i friluft, og har salsbod ved vegen. Hundrevis av hytte- og turfolk stoggar for å handle bær og grønt hjå Ragna. Med seg i åkeren har ho David Kariuki Mbogo-Svensson. Han har utdanning i økologisk landbruk frå Kenya, og har blitt fastbuande og familiemann i Bergsdalen, med fulltidsjobb som avløysar og grønsaksjef på Lid.

– I tillegg leiger me inn 15-20 arbeidarar i løpet av sesongen, dei fleste frå Litauen. Førstemann kom for 19 år sidan, og har med seg stadig fleire vener og slektningar, seier Ragna.

Lukrative bær

Å dyrke bær og grønsaker er arbeidsintensivt, særleg når ein satsar på ulike sortar. Jordbær står for det aller meste av omsetninga, men i grønsakhylla kan dei by på alt frå potet, gulrot og kålrot, til knutekål, grønkål, blomkål, sommarkål, målselvnepe, hjertesalat, mangold, raudbete, squash, romanesco og brokkoli. Ja, og sukkererter, tomatar og urter til eige bruk.

Grønt, sunt og kortreist

– Motivasjonen for grønsakdyrking er at me er glad i grønsaker sjølve, og likar å vita at maten er rein og fersk. Dessutan er det ein trend no at folk vil ha mindre kjøt, mindre sukker, og meir grønsaker og bær. Alle grønsaker er heilt usprøyta, og det er noko fleire blir medvitne på, at maten er kortreist og miljøvenleg, seier Ragna.

Sjølv har ho raudbete som favorittgrønsak, som kan nytast både rå, kokt, ovnsbakt, i wok, smoothie eller suppe.

Handel: Elisabeth og Geir Magne Rolland valde ein omveg heim frå ferie, for å handla bær og grønsaker i Bergsdalen.

Sol, sveitte og søte bær

Når Bondevennen er på besøk går det i eitt, natt og dag, med sterk sommarvarme og sprengmodning i åkeren. Det vert hausta, pakka og levert tonnevis med ferske varer, til butikkar og privatkundar. Ein del år leverte dei til restaurantar, men sidan sesongen er uføreseieleg, vart det vanskeleg med jamn levering. Då hadde dei godt samarbeid med Bama Storkjøkken, som leverte spesialpakkar til restaurantar i Bergen. Nytt i år er to tonn bær til eple- og jordbærsider, eit prøveprosjekt mellom Bergsdalen og Hardanger.

– Mange faste kundar kjem att år etter år, gjerne langvegs frå, seier Ragna, og smiler ‘hei’ til fleire kjensfolk som stoggar.

Nokre får kassene overrekt, betaler og er nøgde. Andre vil gå på sjølvplukk.

– Me har brukt ein time på å plukke ei kasse jordbær, seier Elisabeth og Geir Magne Rolland. Ekteparet frå Sotra er på veg heim frå Oslo, og køyrer ein omveg til Bergsdalen for å handle.

Betre betalt med direktesal

– Når me sel direkte, bestemmer me prisen sjølv. Viss ein leverer til større grossistar er det etter noteringspris, og ein veit ikkje kva ein får før etter at ein har levert. For mange år sidan leverte me blomkål og kinakål til Bama, men prisen vart knapt nok til å dekka emballasjen, seier Ragna.

For eit par år sidan skulle dei levere gulrøter og poteter til Bama om sommaren, men då var sesongen så våt at dei ikkje hadde noko å levere før langt utpå hausten. I Bergsdalen er det vanskeleg å vita når og kor mykje som kan haustast.

– Større grossistar er meir berekna på storprodusentar som leverer pallevis av kvar sort. Me har mindre mengder av mange sortar, for å ha breitt utval til kundane, fortel Ragna.

Årets spesielle sommar fekk dei levere jordbær til Bama på dagar med rekordmodning. Sår, plantar og haustar manuelt Grønsaksesongen startar tidleg på våren, når ein sår og alar opp plantane sjølve. Det er mykje å fylgje opp før utplanting. Grønsaker, potet og jordbærplanter vert sett i jorda manuelt, og jorda skal først gjødslast og gjerast klar med duk. Korleis plasttunnelane skal gjerast sterke nok til det røffe klimaet, har dei forska på i fleire år. Jordanker skrudd ned maskinelt er det einaste som held. Naturen med vêr, vind og dyreliv er utfordring i fjellbygda. Høge hjortegjerde må til, samt snegle-/musegjerde.

– Likevel, eitt år åt jordrotter opp alle nye jordbærplanter. Ein vår kan det vera barfrost lenge. Eit anna år låg snøen heilt til juni. Då starta jordbærsesongen 24. august og vara til 10. oktober. Så det er ikkje alltid lett tidleg på våren å svare sesongarbeidarane kva tid dei skal kome, seier Ragna.