Gullkua

 

Litago frå Timpelen, hjå Inga Skretting og Lars Byberg, vart kåra til årets Gullku 2014.

 

Liv Kristin Sola

Heiderstittelen Gullkua vert tildelt den kua på kuutstillinga som utmerkar seg som ei robust og haldbar ku. Kriteria for å delta er tre fullførte laktasjonar med minimum 7.500 i avdrått i gjennomsnitt av laktasjonane.

Seks kyr deltok i konkurransen. Litago utmerka seg på god helse, fruktbarhet og mjølkekvalitet. Ho har i tillegg høg avdrått.
Litago ventar sin åttande kalv i slutten av september. Imponerande resultat av kua og av eigarane Inga og Lars.

Gratulerer med tittelen Gullkua, i år som i fjor.