Gult er ikkje alltid kult: Ein tøff vinter får skulda for at løvetann i store mengder nå blømer rundt om på Jæren -  med redusert grasavling som resultat. Foto: Istock / Larison

Gult er ikkje alltid kult: Ein tøff vinter får skulda for at løvetann i store mengder nå blømer rundt om på Jæren –  med redusert grasavling som resultat. Foto: Istock / Larison

Gult engvarsel

7. mai 2024 | Aktuelt

– Mykje løvetann er ei påminning om den harde vinteren som var og eit gult varsel om at enga treng fornying, seier fagleiar grovfôr hjå NLR-Sør, Odd Ingebret Paulsen.

Sjur Håland

​Løvetann ser ut til å trivast ekstra godt denne våren. På Jæren går det i grønt og gult ei dryg veke før 17. mai. Ikkje berre i vegkantane. Også i mange kjelver er det helst den gule fargen som rår.

– Kvifor?

Odd Ingebret Paulsen

Odd Ingebret Paulsen

– Det at så mykje løvetann blomstrar akkurat no fleire stadar, er nok eit teikn på at vinteren har vore temmeleg hard mot graset i mange kjelver. Så der det er mykje løvetann er det nok mykje gras som ikkje har overvintra, seier Paulsen.

Ugraset, ikkje minst løvetann, har dermed fått betre plass og vunne kampen mot graset. Paulsen seier at det ikkje er fjorårets frø, men røter frå alt etablerte løvetann-planter som nå blømer. Løvetann-plantene vil enda opp i silofôret saman med det som måtte vera av gras. Det er ingen katastrofe, i følgje Paulsen.

– Løvetann inneheld for eksempel mykje mineral, så dyra vil lika blandinga. Men mykje løvetann vil sjølvsagt bety mindre gras og mindre avling, seier han.

– Kva er rådgjerdene?

– Løvetann er jo alt etablert, så dette betyr at det nok på tide med fornying. Ei slik eng syng nok på siste verset. Dessutan vil ugraset frøa seg og gjera enga og området rundt enda meir utsett, særleg der plantedekket i enga er litt glissent frå før.

Sprøyting er eit alternativ. Nå før slåtten er det i seinaste laget, men når det grønkar etter første slåtten kan ugrassprøyting vera eit alternativ.

– Får du teke knekken på løvetann, vil grasdekket kunna re-etablera seg noko, men dette er nok mest ei naudløysing. Til sjuande og sist er fornying av denne enga det beste rådet, seier Paulsen.