BN+

Fryktar skjerpa krav til spreieareal: Med 500 tonn i mjølkekvote og full konsesjon på gris, vil Elling Aarsland få ein krevjande kvardag når krava til spreieareal vert skjerpa. No får han uventa draghjelp frå kommunen og ordførar Jonas Skrettingland.


Kommunen fryktar konsekvensane av skjerpa spreieareal og tilbyr bøndene hjelp til å førebu seg.


Liv Kristin Sola


Dagens krav til spreieareal er fire dekar fulldyrka jord per gjødseldyreining (GDE). Varsel om innskjerping heng over husdyrnæringa, men endringane lar vente på seg. Om kravet vert fem eller seks dekar, eller ein stad midt imellom, er i dag uvisst.


Hå, landets mest husdyrtette kommune, vil ikkje sitja i ro og venta på kva som kan koma. Etter ein diskusjon i formannskapet, tok dei kontakt med nabokommunane Time og Klepp. I samarbeid med landbruksdirektøren og med støtte frå Rogaland fylke, engasjerte kommunane forskingssenteret NORCE. Oppdraget var å sjå på om separering av husdyrgjødsel frå gris og storfe, samt handtering av den tørre delen i eit sentralt biogassanlegg (hub), kan vera ei løysing for å tilpassa seg skjerpa krav til bruk av fosfor i landbruket.


Rapporten «Biogass/biorestproduksjon som bærekraftig gjødselhåndteringsstrategi på Jæren» kom like før jul.


– Rapporten viser at vi kan redusere fosformengda i landbruket og samstundes redusere klimagassar frå lagring og transport av husdyrgjødsel, seier Jonas Skrettingland, ordførar i Hå kommune.

Vil ikkje vente og sjå

Hå-ordføraren fryktar konsekvensane dersom dei strengaste forslaga til innskjerping vert gjeldande. Husdyrproduksjonen er svært viktig for sysselsetting og verdiskaping i Hå. Ei innskjerping frå fire til seks dekar per GDE vil få store konsekvensar, ikkje berre for landbruket, men for heile lokalsamfunnet.


– Me kan ikkje lukke att auga og tru at dette går over. Politikarane sin jobb er å legge til rette for næring, busetnad og sysselsetting i kommunen, og landbruket er den viktigaste næringa me har i Hå, konstaterer ordføraren.


– At kommunen gjorde dette er fantastisk, på grensa til sjokkerande. Eg er imponert, skryt bonde Elling Aarsland på Årsland i Hå.


Men om han er imponert av kommunen sin innsats, er han meir skeptisk til innhaldet i rapporten.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,