Ris: Potetris infisert med tørrote smittar knollane ved opptak. Svimidlet Reglone har vore løysinga i fleire tiår. Frå neste år må dyrkarane få på plass nye alternativ. – Ein fortvilt situasjon, seier Arne Vagle, seniorrådgivar og potetspesialist i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland

Potetdyrkarane får frå 2020 ikkje lenger svi ned potetriset med det effektive dikvatsprøytemiddelet Reglone. Dermed blir det uråd å hindre tørråtesoppen å spreie seg frå ris til knollar ved potetopptak.

Ikkje overraska

Seniorrådgjevar Arne Vagle hjå Norsk Landbruksrådgiving i Rogaland har følgt tett i fòrene etter potetdyrkarane i fylket i meir enn 30 år. Han delar frustrasjonen med bøndene, men er likevel ikkje særleg overraska over forbodet.

– Framtida til Reglone har hange i ein tynn tråd dei siste 15-20 åra. Andre middel og alternativ, som gassing, sviing og brenning av potetriset har vore prøvd ut, også i høve til økologisk produksjon, utan særleg hell.

– Kvifor må potetriset sviast ned?

– Det handlar om å drepa eventuell tørrote, og samstundes bidra til mogning og herding av potetknollane under jorda. Det ideelle er at potetene får mogna i to veker etter at riset er svidd ned med Reglone, forklarar Vagle.

Risknusing og sprøyting

– Er risknusing eit alternativ?

– Utfordringa med den metoden er at risrestane framleis er grøne, og at potetene under jorda framleis veks. Du greier ikkje å herda potetknollane, drepa riset og eliminera tørrotespreiing med risknusing. Difor ser me på kombinasjonar som inneberer risknusing og sprøyting med alternative midlar.

På tre felt i Norge blir eit middel som heiter Spotlight testa ut. Dette middelet er mindre effektivt enn Reglone, men det er eit visst håp om at Spotlight kan bli godkjent i Norge sidan det alt er i bruk i Finland og Sverige. Danske potetdyrkarar brukte også Spotlight ei tid, men produktet vart trekt frå marknaden sidan effekten var for dårleg.
Ei anna utfordring med risknusing er mykje nedbør kombinert med dyrking av potet på tung jord, som elles gir fine knollar med god matkvalitet.

– Å lura seg utpå med traktor og ei åkersprøyte med brei bom, går som oftast greitt. Men å transla over åkeren med ein risknusar, der du må kjøra i mest kvar einaste fòr, er mest umogleg i vårt område, seier Vagle.

Dramatisk

I Rogaland blir det dyrka poteter på 5-6.000 dekar. Det aller meste på Jæren.

– Du har brukt ord som «dramatisk» og «katastrofe» i samband med at Reglone går ut?

– Ja, for nett nå veit me ikkje kva me skal gjera for å dyrka poteter og unngå tørråte.

– Kva gjer EU-bøndene?

– Dei har tilgang til sprøytemiddel som me ikkje har. Dessutan dyrkar EUbøndene poteter under andre tilhøve enn me her oppe i nord. I Danmark dyrkast mykje poteter til stiveproduksjon. Då gjer det ikkje noko om potetene er tørroteinfiserte. Hjå oss skal mykje av potetene lagrast og brukast til mat. Dette er eit kjempeproblem.

Seniorrådgjevaren reknar med at potetdyrkarane på Jæren vil vurdera om dei i det heile skal halda fram med potetproduksjon neste år. Å dyrka poteter og å gambla med at dei kan bergast utan tørrote og skadar som følgje av at eitt av dei viktigaste verktøya forsvinn, er eit lite lystig framtidsscenario i følgje Vagle.

Kjempeutfordring

– Det er ikkje nok med berre risknusing. Potetriset må drepast i tillegg. Difor er dette ei kjempeutfordring. Bøndene er fortvilte, seier seniorrådgivaren.

Tørrotesmitte frå ris kan unngåast dersom potetene tørkar heilt to til fire timar etter opptak.

– Men dette blir heilt teoretisk. Det er ikkje mogleg å tørka potetene på så kort tid med så store areal som det er snakk om her, seier han.

Vagle hadde vona at det i ein overgang hadde vore mogleg å prøva ut og fasa inn andre fungerande middel før Reglone vart trekt.

– Slik vart det dessverre ikkje. Me er mange som er skuffa og fortvila over dette.

Store konsekvensar

Trond Vistnes dyrkar poteter på 250 mål på Randaberg. I den gode potetjorda haustar han alt frå tidlege til seine poteter. For dei tidlege potetene sprøytar han med Reglone for å stoppe veksten, slik at ikkje potetene blir for store.

– Korleis skal me no greie det utan Reglone, som har vore eit fantastisk middel og det einaste alternativet fram til no, spør han.

Vistnes held fram klimaet på Jæren og behovet for å hindra spreiing av tørråtesoppen frå ris til knollar på dei seinare sortane.

– Korleis skal me greia det utan å kunne drepa riset på ein skikkeleg måte, spør han vidare.

– Kva er dine svar?

– Eg har ikkje svar. Sørover i Europa har potetdyrkarane tørrare klima og kan kjøra på jordene nærast kva tid som helst. Me har regn, i praksis mest kvar dag. Det betyr at me ikkje kjem utpå med risknusar utan å øydeleggja både jord og store delar av avlinga.

Mindre salsvare

Konsekvensane for Vistnes, dersom ikkje fullgode alternativ til Reglone dukkar opp, er at det vil vera mykje meir tørrote på lagringspotetene.

Trond Vistnes

– Dermed blir det mindre salsvare og poteter av dårlegare kvalitet, slår han fast.

Å ta opp poteter på dagar med gode forhold og god oppturking, er det ideelle.

– I vårt område slit me med begge deler, konstaterer han.

Vistnes håpar intenst på at Regloneforbodet i EU vil føra til at kloke hovud kjem saman og i løpet av kort tid klekker ut nye løysingar og alternative middel.

– Her ligg håpet. Dersom ikkje, veit eg ikkje korleis eg vil gripa det an.

– Kan det vera at du droppar potetdyrkinga neste år?

– Nei, eg har investert i denne produksjonen, og vil halda fram, men konsekvensane blir store utan fullgode alternativ til Reglone, seier han.

Reglone og Retro

Det verksame stoffet i Reglone og Retro er dikvat. I følgje Arne Vagle, bindast dikvat lenge i jorda og blir seint nedbrote. I tillegg blir det hevda at bruk av Reglone går utover insekt som makk, som igjen blir ete av fuglar.

Mattilsynet trekte godkjenninga for desse midla 4. mai 2019, men opnar for import og sal fram til 4. november 2019. Midla kan lagrast og brukast fram til 4. februar 2020.

Stikkord denne saka: