Potetsetjing: Foto frå filmen Gardsliv i Åseral som tek sjåarane med på ei reise frå tida då gardsarbeidet vart gjort manuelt fram til dagens traktorar og automatisering. Foto: Tor Reidar Austrud

Ledig tid i sommar? Legg turen innom Åseral og få med deg ei filmoppleving utanom det vanlege!

Sjur Håland

Raud løpar, eller kanskje han er grøn? Det blir uansett både fargerikt og svart og kvitt når meir enn 50 filmsnuttar, gammalt og nytt, saman med bilete frå gammal tid er sett saman til den timeslange filmen Gardsliv i Åseral. Åstad for den eksklusive lanseringa blir på premierefesten i Åseral Fleirbrukshall laurdag 1. juli.

– Filmen består av eit heilt unikt materiale, lovar ein av pådrivarane bak filmen, Bjørn Ljosland, i samtale med Bondevennen.

Har hatt filmfond

Arbeidet har ikkje gjort seg sjølv. Filmprosjektet er basert på midlar frå Åseral Bondelag, sett av i eit eige filmfond kor det har stått i fleire tiår før filmplanane kunne realiserast. Vidare har Agder Fylkeskommune og Sparebanken Sør bidrege til det store dugnadsprosjektet kor 70-80 personar har delteke på ulikt vis.
Ljosland, som er leiar i Åseral Bondelag fortel at i alt 18 personar er intervjua i filmen. Alt frå eldre folk som minnest slåttelivet på heia, via bønder som driv i dag, til unge som ønskjer seg inn i næringa.

– Den eldste som er intervjua er Ragna Ljosland på 98 år, seier han.

Bjørn Ljosland

Kino kvar dag

Filmprosjektet har vore ein draum i meir enn 40 år og har kome i stand etter initiativ frå Åseral Bondelag, i tett samarbeid med Åseral sogelag og Åseral kommune, gjennom Minne kultursenter.

– Kultursenteret syner filmen og den tilhøyrande utstillinga kvar dag gjennom heile sommaren fram til 13. august, seier Ljosland.

Vil du ha med deg sjølve premierefesten, får du med deg kunnig leiing gjennom festdagen av Aasmund Norstoga, som også bidreg med konsert. Passar denne dagen dårleg er laurdagen etter, 8. juli, eit godt alternativ. Då går årets familiedag på Minne kultursenter av stabelen. Med filmframsyning i tillegg til alt det andre, sjølvsagt.

Litt om filmen:

Gardsliv i Åseral er ein film med glimt frå gardslivet i – nettopp Åseral, slik me kjenner det i dag og slik det ein gong var i gamle dagar. Utvikling frå hakke og hest, til traktor og automatisering.
Utvikling i oppbevaring av mat for menneska og til husdyra. Årstida styrde livet, både når det gjaldt arbeid og mat. Det er og ei fortelling om den store verdien heiane hadde, og har, for gardslivet i Åseral, i ein tidsepoke frå siste del av 1800-talet fram til i dag.

Kjelde: Bondelaget, Sogelaget og Minne kultursenter

Stikkord denne saka: