Imøtegår kritikken: Konsernsjef i Nortura SA, Arne Kristian Kolberg, meiner medlemsdemokratiet i samvirket er reelt. Foto: Erik Burås/Nortura

Bonden si oppleving av eigarstyring har blitt endra i Nortura, vedgår konsernsjef Arne Kristian Kolberg. Noridane AS saka er likevel prov på at det nyttar å engasjere seg, meiner han.

Bothild Å. Nordsletten

– Spiss og tydeleg.

Slik omtalar konsernsjef i Nortura SA, Arne Kristian Kolberg, kritikken frå bonde Ola-Jørn Tilrem i førre utgåve av Bondevennen. Tilrem uttrykkjer uro over utviklinga i samvirka, særleg i Nortura. Han er kritisk til det han meiner er maktkonsentrasjon i toppleiinga, for medgjerlege tillitsvalde og danning av AS-selskap. Bonden, som ikkje lengre er samvirkemedlem, vil at bøndene skal ta attende styringa over samvirka.

Les også: Samvirket må tilbake til fremtiden

– Eg er lydhøyr overfor kritikken, men kanskje er det like mykje ein kritikk mot samfunnsutviklinga og politikarane, som mot samvirka, seier Kolberg.

Rette reiskapen

Konsernsjefen hevdar at samvirkeidentiteten står svært sterkt i Nortura. Samvirket skal stadig vera bondens forlenga arm inn i marknaden, – men det må til ei kvar tid tilpassa seg endringane i marknaden og samfunnet, meiner han. Han viser til at 4000 kjøpmenn har blitt til tre daglegvarekjedar dei siste 20 åra, at konkurransen og at importen aukar om kapp med krava til effektivisering.

– Kven tek då vare på bonden sine interesser, spør han retorisk og svarar – opplagt:

– Samvirket er reiskapen. Men så er sjølvsagt spørsmålet: Gjer me jobben på ein skikkeleg måte?

Ønskjer Tilrem velkomen

Eitt er han iallfall sikker på:

– Hadde lokale samvirke bestått som før, med den nærleiken bonden hadde til slakteriet eller meieriet, er eg usikker på om det hadde overlevd.

Kolberg viser til Helgeland Samvirkeslakteri, det lokale slakteriet som Tilrem meldte overgang til då Nortura la ned verksemda si i Brønnøy.

– Det hadde alle godane med tanke på nærleiken til bøndene, men klarte ikkje å overleva, og gjekk konkurs.

Kolberg inviterer Tilrem med inn som del av Nortura.

– Dørene er opne. Han er hjarteleg velkomen.

Konsernsjefen forsikrar om at det er takhøgd for ulike meiningar i Nortura.

– Men me må stå saman, presiserer han.

– Dei som vil ha ei heilt anna utvikling enn fleirtalet, – det er dei som opplever avstand til organisasjonen. Dette er noko av det vanskelegaste i ein demokratisk organisasjon.

Nøgde medlemmar

Kolberg vedgår at bondens oppleving av eigarstyring har blitt endra med nasjonale konserndanningar.

– Kan du sjå at organisasjonen har blitt vel kompleks for den vanlege bonde å halda orden på? Risikerer samvirket å bli for store for sin eigen grunnidé?

– Dette er kritisk. Avstanden mellom eigarar og sjef er det me freistar å motverka gjennom eit aktivt medlemsdemokrati. Me har årlege undersøkingar av medlemstilfredsheit, og den er god. 18.000 stolte eigarar er ein indikator på at me iallfall gjer noko riktig, svarar Kolberg.

Han kjøper ikkje Tilrems kritikk mot eit stadig sterkare direktørvelde.

– Eg har eit styre som tydeleg guidar meg på kva som er retninga og oppdraget. Så er eg den utøvande parten. Me har ofte diskusjonar om kva som er til styret og bonden sitt beste til ei kvar tid.

Ei fornærming

– Tilrem hevdar at bøndene har blitt for lojale, og dei tillitsvalde for medgjerlege. Opplever du reell meiningsbryting i samvirket?

– Den beste til å svara på det er eigaren sjølv. Eg opplever å ha eit særdeles oppegåande og sterkt styre, og særs markante personar som eigarvalde regionsleiarar. Eg trur at det er ei djup fornærming mot dei som har desse rollane å få passet påskrive, slik Tilrem gjer det. Det undrar meg korleis det ofte er einskilde produsentar, utanfor samvirket, som kritiserer Nortura for dette.

Vanskeleg balanse

Saka om Nortura-kontrollerte Noridane AS, som kjøpte importkvoter for svinekjøt midt i den norske overproduksjonen har skapt bølgjer. Balansegang mellom rolla som marknadsregulator og tøff forretningsdrivar har kome i søkjelyset.

– Hadde eg vist det eg veit i dag, hadde eg guida dotterselskapet til ikkje å kjøpe kvota i november 2017, innrømer Kolberg.

– Dagleg leiar i Noridane AS eig ti prosent av aksjane. Er ikkje det problematisk?

– Det er eit naturleg spørsmål. Me har hatt ein gjennomgang på det. Noridane AS har opptredd innan dei rammer som gjeld. Så har me gitt tydelegare retningsliner om korleis dei kan opptre i ubalansesituasjonar. Importen av 300 tonn svin var ein av grunnane til innstraminga.

Kolberg vil ikkje gå inn på kva tiltaka overfor Noridane AS går ut på, av forretningsmessige årsaker. Han vedgår at mange svineprodusentar har vore kritiske til det som har skjedd, men vel å sjå konstruktivt på tilbakemeldingane.

– Dette er døme på kor eigarengasjementet slår inn og resulterer i at me stramar inn handlingsrommet. Eg ser dette som eit døme på reell eigarstyring av Nortura som konsern, seier Kolberg og slår fast:

– Medlemsdemokratiet vårt er ikkje eit skinndemokrati. Det er reelt.

Samvirka må hugse at dei er spesielle

– Kvar dag må samvirka minna seg sjølv om kven dei er, og kven dei er til for, seier Geir Pollestad.

Geir Pollestad

– Frustrasjonen som kjem frå einskilde no, verkar å vera eit resultat av at samvirke har organisert seg for mykje etter moderne forretningsideologi med litt for mykje kvartals- og årsrekneskap-styring, seier stortingsrepresentanten frå Senterpartiet.

Pollestad seier han har grunnleggjande tru på samvirkemodellen, trass i mange endringar gjennom åra.

– Det viktigaste poenget er at samvirka har klart seg overraskande bra i den konkurransen som dei har vore i, og dei enorme omveltingane som har skjedd i landbruket og næringsmiddelindustrien. Hadde ein ikkje gjort endringar, hadde ein skakkøyrt samvirket og blitt sett på sidelinja, seier han.

Samstundes delar Pollestad noko av uroa over utviklinga i dei bondeeigde føretaka.

– Spørsmålet er om tempoet og omfanget har gått for langt. Har ein mista noko av det opphavelege engasjementet til den einskilde bonde og medeigar på vegen? Det meiner eg er ei utfordring for samvirket: å tilpassa seg, samstundes som ein tek vare på det som er det eigentlege samvirket; at det er medlemseigd, noko anna enn eit aksjeselskap.

Svikt i forståinga?

Han møter ofte folk i toppleiinga av landbrukssamvirka. Pollestad meiner dei har ei god erkjenning av kven dei er og kven dei jobbar for. Men så var det byråkratiet under dette nivået…

– Av og til lurar du på om delar av administrasjonen, dei som jobbar ved selskapa sine hovudkontor i Oslo, faktisk veit at dei er eit samvirke og at dei er bondeeigde. Det kan verka som om det er ein svikt i forståinga av at verksemda har eit ansvar for heile linja, frå dyret blitt fødd, til det blir ete– ikkje berre ifrå det blir slakta til det blir selt. Og av at det ein sel faktisk er bonden sitt produkt. Importsakene i det siste skjærer litt i hjarta. Og nokre gonger verkar det også som om engasjementet for soyamjølk og plantebasert kjøttdeig er litt for stort, seier Pollestad.

– Forstår du at samvirket kan opplevast vel stort for det einskilde medlem å handskast med?

– Ja. Eg treff bønder som er stolt av samvirke, men samstundes litt frustrert. Og der meiner eg at samvirka må minna seg sjølv om kven dei er og kven dei er til for, kvar einaste dag. Dei må jobba for å halda fram kva modellen er, kva som skil den frå eit aksjeselskap, og dei må nytta meir tid på å dyrka nettopp samvirkemodellen sitt særpreg og styrke, seier Pollestad.