BN+

Ventar på utbetaling: Medlemmar i samdrifter kan etter søknad få ut medlemskapitalen i Nortura straks etter oppløysing av samdrifta. Tore Kydland selde garden for fire år sidan og ventar framleis på at pengane han har tilgode skal bli utbetalt.


Tore Kydland frå Bjerkreim slutta med husdyr i 2016 og selde garden året etter. Men han har framleis pengar tilgode hjå Nortura som han ikkje får ta ut.


Sjur Håland


Ei kontoutskrift frå Nortura syner at Kydland har nær 35.000 kroner tilgode. Men pengane får han ikkje ut. Nå ber han Bondevennen om hjelp.


– Det toppa seg då eg høyrde om at samdrifter som vart oppløyste fekk ut sine beløp frå tilsvarande konti, seier han.


Kydland presiserer at beløpet ikkje handlar om andelsinnskotet på 12.000 kroner, som eigarane skaut inn etter at ordninga vart innført i 2010. Dei pengane fekk han utbetalt sommaren 2017.
Etter fleire rundar med Nortura, fekk han ut ein oversikt som stadfestar at det har bygd seg opp eit beløp på nær 35.000 kroner i åra mellom 2011-2017.


– Eg har problem med å skjøna kva dette er, og finn det merkeleg at det ikkje skal vera råd å få ut pengane, seier han.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,