Haustattlegg

Etablering av nye grasattlegg blir vanlegvis vellukka om arbeidet vert gjort innan utgangen av august., er rådet frå Ragnvald Gramstad.(Illustrasjonsfoto)

Gode avlingar kan føre til at fleire vil fornye enga i haust.

Jofrid Åsland

– Me sel ein del frøblanding til eng no. Fleire bønder vel å fornye enga i desse tider, opplyser Jens Randby, sjef plantekultur hjå Felleskjøpet Rogaland Agder.

Randby understrakar at det er viktig at graset får ei god rotutvkling før vinteren kjem. Han får støtte av Rangvald Gramstad, seniorrådgivar hjå Norsk landbruksrådgiving. Gramstad opplyser at det er aktuelt for mange å fornye ein del av enga i haust, fordi grasavlingane har vore gode.

«Etablering av nye grasattlegg blir vanlegvis vellukka om arbeidet vert gjort innan utgangen av august. Du bør likevel vera forsiktig med pløying av sterkt kuperte og i hellande terreng, med fare for jorderosjon utover hausten. På slike areal bør ein etablera attlegget om våren,» skriv Gramstad.

Du får fleire råd frå seniorrådgivaren når det gjeld haustattlegg i komande utgåve av Bondevennen (nummer 33/34).

Stikkord denne saka: