Bobleglad: Elisabeth Grønvik vann prisen for «Årets det grønne – foredlet» for sin musserande eplemost av sorten Karin Schneider. Foto: Det norske måltid

Sør- og Vestlandet vart heidra for eplemost, cider, potet og fisk under finalen i Det norske måltid fredag. Trønderane stakk av garde med flest prisar.

Bothild Å. Nordsletten og Jane Brit Sande

Finalen i Det norske måltid, sesong 2017, gjekk av stabelen med glitter og stas i Stavanger fredag. Det er tiande gongen konkurransen, som kårer dei beste produkta frå mat- og drikkeprodusentar i Noreg, blir arrangert. Av 13 moglege prisar stakk trønderske matprodusentar av med heile fem. Meir om det straks.

Musserande vinnar

Elisabeth Grønvik som driv Grønvik gard i Hjelmeland i Rogaland, fekk prisen i kategorien «Årets det grønne – foredlet» for sin musserande eplemost av sorten Karin Schneider. I grunngjevinga skriv juryen mellom anna følgjande:
«Forbrukeren vil ikke være i tvil om hvor vinneren kommer fra. Med tydelig beskrivelse av området og jordsmonnet der produksjonen skjer, kan vi alle se for oss vinnerens stedlige tilhørighet.» Grønvik blir heidra som ein kompromisslaus leverandør av kvalitet og får skryt for flott, karakteristisk design.
– Det var sjølvsagt veldig kjekt å vinne prisen. Me var utruleg nervøse før finalen, og det var ei fantastisk oppleving å vinna prisen, seier Elisabeth Grønlid til Bondevennen.
– Kva betyr denne prisen for bedrifta?
– Den betyr enormt mykje. Me får mykje merksemd, då det blir skrive om oss i pressa, både før og etter kåringa. Folk får det med seg. Produktet har gått gjennom tre ulike juryar før det kom til finalen. Dei har godkjent produktet som eit bra produkt. Det stadfestar at me gjer noko riktig.
– Kva med for Ryfylke som fruktregion?
Eg trur denne prisen har noko å bety, også for Ryfylke. Eg er mykje ute og promoterer meg og min eplemost, men eg promoterer også Ryfylke og frukt frå Ryfylke. Med denne prisen blir Ryfylke sett på kartet som fruktregion, og kanskje Ryfylke, og også Rogaland, kan få eit kvalitetsstempel for det dei gjer, seier Grønvik.
I tillegg til å laga most av eigne eple, kjøper prisvinnaren også eple frå kollegaer, gjennom Ryfylke fruktpakkeri, som ligger i Årdal. Ho går god for kvaliteten.
– God eplemost krev gode eple, slår Grønvik fast.

Grøn glede: Katrine Hesnes Jarnes frå Hesnes Gartneri DA i Grimstad kommune, mottok pris for poteta Cerisa Delikatesse. Foto: Det norske måltid

Sørlandspotet på sigerspallen

Hesnes Gartneri DA i Grimstad kommune, Aust-Agder vann prisen i kategorien «Årets det grønne – naturell» for poteta Cerisa Delikatesse. Juryen viser mellom anna til god smak, at poteta har jamn og fin storleik, og at den er handtert varsamt og med omhug av bonden frå hausting fram til forbrukar.
– Det var overraskande og overveldande å bli kåra til vinnaren, seier Katrine Hesnes Jarnes.
– Det norske måltid er prestisjefylt i mat-Noreg, og det er gjevt å vinna pris. Ringverknadane er gode, med mykje merksemd. Me gler oss til å ta fatt på ein ny vår. Prisen har gitt oss eit kick til å halde fram med det med driv med, og for å kjempe for norsk mat, seier Jarnes.
Potetsorten Cerisa er ikkje ein ny potetsort i Norge, men den var heilt ny for dei på Hesnes Gartneri. Poteta har gitt meirsmak.
– Denne sorten kjem mellom tidlege og seine potetsorter, den blir som ei mellompotet. Vi skal dyrke den igjen komande sesong, men det blir ikkje til at me utvider arealet for denne sorten. Me driv med heimesal, og ynskjer vere gode på det me driv med. Me vil heller dyrke eit rikt utval smaksrike grønsaker, framføre det store volumet, seier Hesnes Jarnes.

Stor stas: Arita Åkre frå Ullensvang i Hordaland mottok prisen for Edel sider 12%, Åkre AS, Ullensvang kommune i Hordaland. Foto: Det norske måltid

Edel sidervinnar

Prisen for «Årets sider» gjekk til hordalendingane Arita og Gjermund Åkre for deira Edel sider 12%, laga på garden deira Åkre i Ullensvang kommune. Juryen gir vinnaren skryt for ein kompleks aroma av modne eple, ei flott flaske og tydelig design.
Frå Bondevennen sitt oppland vann i tillegg Domstein Sjømat AS, avdeling Stavanger, prisen for «Årets sjømat – villfanget» for sine Langeloins brettpakka.

Trøndarar i tet

Av 13 moglege prisar stakk trønderske matprodusentar av garde med heile fem, mellom anna i kategoriane kjøt, meieriprodukt og ost. Kva er det eigentleg med mat og Trøndelag?
– Ja, kva er det med dei, svarar Kristin Austigard. Ho er eigar og prosjektleiar i Det norske måltid.
– Saman med Rogaland har Trøndelag alltid vore ein sterk matregion. Men ser ein på talet på finalistar fredag, så gjekk Trøndelag altså av med sigeren. Me må berre gratulera dei – og så må Rogaland koma sterkare attende sidan. Eg trur trønderane er svært flinke til å framsnakke kvarandre og til å samarbeide. Det er også god kontakt mellom verdikjeden i landbruket og restaurantane der. Det er ein styrke. Me i Rogaland kan bli betre på desse tinga.