BN+

Framtidsretta: Kjersti Nordgård og Monika Jordalen Drageset er agronomelevar på Voss vidaregåande skule, der Hordaland Bioenergi forsyner alle skulebygga med varme frå flisfyring.


Skog har størst potensial, og er billegast, når det gjeld bioenergi, seier Karl Ludvig Ådland. Flisfyring i gardsvarmeanlegg kan vera bonden sin måte å betra eigen økonomi og felles klima. Hjå Lars Kåre Almeland på Voss har flisfyren vore i bruk sidan 1980-talet.


Tekst og foto: Anne Rivenes, frilansjournalist Voss


Lars Kåre Almeland har førti års røynsle med flisfyring. Interessa kom naturleg sidan garden også driv sagbruk.


– Me legg bakhun (ytste stykke av trestokkar som er saga opp til plank og bord, red. merk.) i buntar og set den vekk, og seinare fliser me den rett i tilhengaren. Eg har skore hakk i kvart stål på fliskuttaren, så flisa vert meir finkutta. Lageret vårt tek 25 lauskubikk flis, seier Almeland, og viser veg opp til huset der lageret og fyrkjelen på 20 kWh ligg i kjellaren.


Ein heimesnikra behaldar vert fylt opp dagleg, og matar automatisk inn i fyrkjelen når temperaturen tilseier det.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,