Hilde Thomsen

Hilde Thomsen er i full sving med teiking av bevaringsverdige kyr.

I fjor teikna ho sauer, i år er det kyrne sin tur.

Jofrid Åsland

Illustratøren har teiknestove i Stavanger sentrum, og liker seg veldig godt i bymiljøet. Likevel er det aller beste å dra ut på besøk til bøndene.

– Det blir ofte best om du teiknar det du er interessert i, var det ein illustratør som sa til meg, fortel Hilde Thomsen.

Ho er odelsjente og oppvaksen på gard på Fister.

Bondevennen er innom for å sjå korleis det går med teikning av bevaringsverdige kurasar.

Her er ei Telemarksku.

Her er ei Telemarksku.

Manglar ei ku

Hilde har vore i Hallingdal, på Nærbø, Geilo og Egersund for å helse på både bønder og kyr. Ho er like fasinert kvar gong ho blir kjend med ei ny ku. Mytar, sagn og fakta dannar grunnlaget for teikningane hennar.

– Det er ikkje berre i India det finst heilage kyr, seier Hilde.

28. november skal teikningane stillast ut. Fram til då legg illustratøren strek på strek.

Men ein kurase manglar ho framleis i skisseblokka: Øslandsk rødkolle. Ta kontakt dersom du kan hjelpe Hilde å komme i kontakt med ei slik ku.

Les meir om Hilde Thomsen og bevaringsverdige kurasar i eit av dei komande nummera av Bondevennen.

Hilde Thomsen

28. november skal teikningane stillast ut. Fram til då legg illustratøren strek på strek.