Høgst mjølkepris med kalving i mai: No kan du leike deg med insemineringstidspunkt, kalvingstidspunkt og mjølkepris. Tine har lansert Mjølkepriskalenderen, eit visuelt verktøy som den enkelte mjølkeprodusent kan bruke til å sjå korleis kalvingstidspunktet verkar på mjølkeprisen. 

Har du nokon gong finrekna på mjølkepris i forhold til kalvingstidspunkt? Neppe. No har Tine lansert Mjølkepriskalenderen, eit verktøy som viser effekten av kalvingstidspunkt på mjølkepris.

Konklusjon: Det er pengar å tene på kalving i mai.

Liv Kristin Sola

– Mjølkepriskalenderen er ein enkel sak som er meint å gi ein peikepinn på differansen i mjølkepris ved ulike kalvingstidspunkt, seier Jo Helge Sunde.

Sunde leiar Tine sitt pilotprosjekt, Prosjekt Sommarmjølk, i lag med medlemssjef Per Sigve Lien. Saman skal dei jobbe for å sikre at Tine til ei kvar tid har nok mjølk.

For Sunde veit det er potensial.
– At kring halvparten av båsfjøsa i Vestland har mjølkefri om sommaren, gjerne opp mot tre månadar, er ikkje så langt frå sanninga. Nokre fordi dei nyttar fjellbeite, men det er langt frå alle, seier Sunde.

Og det er nettopp «dei andre» han først og fremst vil freiste med Mjølkepriskalenderen. Kan det vere aktuelt å sine av to tre veker seinare, eller framskunde kalvingstidspunktet med nokre veker?

– Alt bidrar, seier Sunde.

 

Store skilnadar: Mjølkepriskalenderen seier noko om variasjonar i mjølkeprisen ut frå ulike kalvingstidspunkt. Lågaste månadspris er sett til null, og tala som kjem fram i dei ulike månadane er tillegg og trekk basert berre på priskurve. Illustrasjonen viser variasjonar i mjølkeprisen til ei ku med årsleveranse på 7500 liter. På www.tine.medlem.no kan du legge inn dine tal. Prissone landet t.v. og fjord og fjell t.h. Illustrasjon: Tine.

Store skilnadar i mjølkepris ut frå kalving

Sunde erfarer at mange leverandørar opplever prisvariasjonane gjennom året som ganske diffuse. Ei spørjeundersøking stadfestar nettopp dette. Det trigga den erfarne rådgivaren til å lage eit visuelt hjelpemiddel som viser skilnad i mjølkepris gjennom året.

Prinsippet er enkelt. Du kan legge inn gjennomsnittleg mjølkeleveranse for ei ku og sjå differansen i mjølkepris gjennom ein laktasjon, gitt dei ulike kalvingsmånadane.

Som dømet til høgre viser, vil ei ku i sone fjord og fjell, med 7500 liter i årsleveranse, gi ein mjølkepris som er 4400 kroner høgare om ho kalvar i mai enn ei som kalvar i oktober. Har du ein kvote på 120 tonn og konsentrert kalving i mai, kan differansen bli opp mot 70.000, samanlikna med konsentrert kalving i oktober. For landet er tilsvarande tal på 3100 kroner og 50.000 kroner. Slik kan du rekne på eiga drift.

Sunde understrekar at det kan vere avvik mellom kyr og at tala vert påverka blant anna av mengde kalvemjølk. Han minner om at meirprisen i prissone fjord og fjell, samanlikna med landet, vert finansiert av mjølkeprodusentane i fjord og fjell, som er delar av Vestland, Sunnmøre, Gudbrandsdal, Hallingdal og Valdres.

Mjølkepriskalenderen er tilgjengeleg på www.medlem.tine.no