Skrablikk

Nyåret er her, og iveren etter å få alt på stell melder seg ofte kjapt. Rydding og husarbeid kan henge saman med kjensla av å ha alt på stell. Ja, eg innrømmer at det kjennes fint å ha eit ryddig hus. Men, og det er eit stort MEN. Eg hater husarbeid, det fell ikkje naturleg for meg.

Eg vert som eit barn i trassalderen når det kjem til arbeid i huset, eg vil ikkje. Deretter skal eg berre noko anna først. Ein vakker heim er veldig gøy, det finst berre så mykje anna ein kan bruke tida på. Til dømes liker eg mykje betre å køyre traktor, fôre dyr og måke møkk. Eigentleg er det ganske rart. Kanskje har det noko med oksygensamansetninga innomhus. Det er mykje betre å puste ute.

Av og til kan eg likevel kjenne på ei slags pliktkjensle. Det er som ei lita slem røyst kviskrar inn i øyret mitt. Du burde ha rydda, du burde bry deg meir om husarbeidet. Eg samanliknar meg med andre, og innbiller meg at eit perfekt ytre vil gjere meg lukkelegare. Heldigvis har eg hausta så mykje erfaring i livet at eg fort rister av meg denne illusjonen. For min del fungerer det dårleg. Kvar gong eg har via ein dag til huslege syslar, er eg møkksur. Dermed vert total likestilling av husarbeid heilt naudsynt i vår heim.

For ordet husmor vil eg ikkje ha knytt til mitt namn. Barna mine skal ikkje hugse meg som ho sure megga, som vandra rundt med klesvasken all si tid. Nei, då får dei heller hugse at me hadde det litt rotete. Kvinner er ikkje fødd med større evne til husarbeid enn menn.

Bror til mannen min og sambu- aren hans har forstått teikninga for fleire år sidan. Til jul fekk eg eit skilt med teksten: «Advarsel, husmora er på ferie.» Dette skiltet heng midt i fleisen på alle som våger seg innfor døra i min mindre perfekte heim. Ein ting kan eg love, husmora er på ein evigvarande ferie.

JoA